Både styret hos storaksjonær Sogn og Fjordane Holding og styret i Sogn og Fjordane Energi rår eigarane av Sogn og Fjordane Energi (SFE) til å seie nei til ei samanslåing med Eviny (tidlegare BKK).
Det går fram av ei børsmelding frå Sogn og Fjordane Energi.
Eviny og Sogn og Fjordane Energi (SFE) hadde til saman 15,4 milliardar kroner i driftsinntekt i fjor. Tafjord Kraft hadde til samanlikning 1,8 milliardar kroner i driftsinntekt.
Sogn og Fjordane Holding er eigd av kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke og eig 49, 5 prosent av SFE. Eviny eig 36,8 prosent.
Statkraft og Bergen kommune eig tilsaman over 80 prosent av aksjane i Eviny.
Ville bli større
Det er behov for storleik på grunn av venta store kraftutbyggingar og utbygging av straumnettet som var grunngjevinga for at Eviny kom med framlegg om samanslåing.
Sogn og Fjordane Holding og Eviny vart samde om å få laga ei utgreiing om ein eventuell fusjon, men no ligg det an til at planane om ei samanslåing blir lagt bort.
– Det har vore eit intensivt og omfattande arbeid. Eviny har vore tydelege på deira ambisjonar, og no er styra i både Sogn og Fjordane Holding og SFE like tydeleg i sine tilrådingar om å avslutte fusjonsprosessen, seier konsernsjef i SFE, Knut Arild Flatjord i ei pressemelding som er lagt ved børsmeldinga.
Klarer seg sjølv
Han meiner Sogn og Fjordane Energi kan stå på eigne bein.
– Vi har sett oss som mål å auke kraftproduksjonen med nærare 70 prosent i perioden til 2040. Det er ambisiøst, men ikkje urealistisk. Vi har ei rekkje konkrete prosjekt vi jobbar med, i tillegg har vi fleire fallrettar og konsesjonar. Vi skal klare å gjere vår del av jobben med å dekke kraftbehovet framover, og vi treng ingen fusjonspartnar for å løyse samfunnsoppdraget eller skape verdiar for eigarane våre. Men vi er sjølvsagt positive til å halde fram med å samarbeide med Eviny framover, til det beste for Vestland og begge selskapa, seier Flatjord i pressemeldinga.
Usikker på samanslåingsgevinst
I pressemeldinga seier Flatjord at gevinsten ved ei samanslåing er usikker.
– For det første veit vi at slike synergiar er usikre, og vi har opplevd betydeleg avstand mellom partane i synet på tala. For eigarane er utbytte viktig. For fylkeskommunen og dei kommunale eigarane av SFE, blir ikkje den samla årlege utbytteeffekten av synergiane meir enn 2,1 millionar i gjennomsnitt dei neste 10 åra, ifølgje KPMG. Dette bør ein sjå opp mot eit samla forventa utbyte til dei same eigarane frå SFE på 2,5 milliardar kroner komande 10- årsperiode, for ikkje å snakke om verdien av å framleis ha SFE i regionen, seier Flatjord i pressemeldinga.
Publisert: 19.11.2024 09:52
Sist oppdatert: 19.11.2024 10:43