Storfusjon i linefisket
SAMANSLÅING: Arild Aarvik, Kåre Furnes, Stig Ervik og Geir Solvåg i Ervik Havfiske. Furnes blir styreleiar i det samanslåtte Ervik Havfiske, Geir Solevåg er dagleg leiar.
Nytt

Storfusjon i linefisket

Ervik Havfiske og Carisma Fish går saman.

18.03.2019
Får åtte båtar i flåten, over 350 tilsette og 700 millionar kroner i driftsinntekter.
Carisma Fish, som er eigd av Arild Aarvik, går inn i Ervik Havfiske. Carisma Fish blir 25 prosent eigar, Ervik Havfiske Holding skal eige resten. Ervik Havfiske Holding er eigd av tremenningane Stig Ervik og Kjell Magne Ervik.

Norsk verksemd

Ervik Havfiske driv linefiske i norske farvatn. Konsernet Ervik Havfiske Holding driv og fiske i Sydishavet, men den delen av verksemda er ikkje ein del av samanslåinga. Samanslåinga gjer Noregs største fiskebåtreiarlag enda større.
- I staden for å satse vidare kvar for oss slår vi no hovuda saman og etablerer eit unikt kompetanseteam saman med alle dei dyktige medarbeidarane som lojalt har bidratt til suksessen i begge selskap, seier konsernsjef Stig Ervik i ei pressemelding.

Salssamarbeid

Ervik Havfiske og Carisma Fish har nyleg slått saman salsselskapa sine.

Arild Aarvik brukte 2017 til å kjøpe ut dei andre eigarane i Carisma Fish, før han no altså slår seg saman med Ervik-eigarane.

Publisert: 18.03.2019 14:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18