Storkjøp i Nortel
Halsebakk-familiens investeringsselskap har blitt femte største aksjonær i mobiltelefoniselskapet.
Ronja Capital II eig no 1,5 millionar aksjar i Nortel, etter å ha kjøpt seg opp i førre veke. Det utgjer 8,1 prosent eigarandel.
- Vi har sett på og rekna på Nortel ei stund, men det har ikkje vore rett timing for oss å gå inn i selskapet seier investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital II.
I førre veke meinte Tønseth tida var inne. Då fekk Tønseth ein telefon frå ein aksjemeklar som tilbaud ei "blokk", ein større aksjepost som meklarhuset hadde bygd opp for å tilby investorar som ville ha ein større andel i Nortel.
Tønseth seier prisen var basert på kursen selskapet vart handla til i førre veke. Då var kursen mellom 27,80 og 29 kroner, som indikerer at Ronja Capital II har betalt i nærleiken av 28 kroner aksjen. Det prisa aksjeposten til omlag 40 millionar kroner.
Friarar på døra
Nortel melde 15. mars i år at fleire aktørar hadde meldt interesse for selskapet, og at Nortel i løpet av andre kvartal i år vil avgjere kva som blir vegen vidare for selskapet i løpet av året.
Den meldinga fekk Tønseth til å ta fram reknearka sine på nytt.
Meldinga betyr mellom anna at eit mogleg sal av Nortel kan bli vurdert, og aksjekursen til Nortel steig til ny rekord då meldinga kom 15. mars i år.
Nortel-kursen steig frå 26,20 til 34,40 kroner aksjen i løpet av to børsdagar. Etterpå har kursen svinga rundt 30 kroner aksjen, før den fredag i førre veke var nede i 27,80 kroner.
Det var sjansen til å kjøpe Nortel-aksjar til ein kurs i nærleiken av kursen før meldinga om at selskapet vurderer eit mogleg sal som gjorde at Ronja Capital II valde å kjøpe seg inn no, ifølgje Tønseth.
I siste aksjehandel over børs, i går, var Nortel-kursen 33,80 kroner, som verdset selskapet til 636 millionar kroner.
Familieeigd
Ronja Capital II er mellom anna stor aksjonær i det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution.
Investeringsselskapet er 52,01 prosent eigd av grunnleggaren av brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, Roger Halsebakk, gjennom hans selskap Ronja Capital. Hans barn, Anja Mek Halsebakk og Robin Mek Halsebakk eig 23,995 prosent kvar, gjennom eigne selskap.
Publisert: 26.04.2023 12:18
Sist oppdatert: 26.04.2023 13:07