Jo Stian Tverberg Austad foto Ogne
PÅ HEIMEBANE: Aurstad-sjef Jo Stian Tveberg har tilsette i oppdrag over heile landet, men no har Ørsta-selskapet fått ei av sine største kontraktar i nabokommune, der Tussa investerer 1,55 milliardar kroner i ei nytt kraftanlegg.
Nytt

Storkontrakt for Aurstad

Kan ha halve arbeidstokken i sving på nytt kraftanlegg.

23.01.2026

Ein av dei største oppdraga for Aurstad-konsernet nokon gang, seier dagleg leiar Jo Stian Tverberg om oppdraget med å bygge ny kraftstasjon på Bjørke, inst i Hjørundfjorden.

Tussa investerer 1,55 milliardar kroner i ny kraftstasjon. Den skal meir enn doble kapasiteten i anlegget, og dermed hente ut større gevinstar frå svingningane i kraftmarknaden.

Det investeringa omfattar nye tunellar, vegar, fjellhall og kraftstasjonsbygg i fjellhallen. Arbeidet med å bygge alt dette er det Aurstad-konsernet i Ørsta som skal gjere.

Lang og stor kontrakt
Tussa og Aurstad har samarbeidd om planlegginga av utbygginga i lang tid, men det var først i dag at Tverberg fekk melding om at styret i Tussa har gitt klarsignal for utbygginga - og kunne informere sine tilsette om at oppdraget var i boks.

Går alt etter planen byrjar bygginga i sommar. Byggeperioden er tre og eit halvt år og både storleiken og den lange byggeperioden gir tryggleik og stabilitet for entreprenørselskapet.

I dag har Aurstad omlag 150 tilsette og Tverberg reknar med at rundt halve arbeidsstokken vil vere i sving under bygginga av Tussa sitt nye anlegg.

Heilt nytt
Tussa har vald å bygge eit helt nytt kraftanlegg på Bjørke i staden for å utbetre o bygge om anlegget som er der. Det opphavlege anlegget sto ferdig i 1961.

Fordelen ved å bygge nytt er mellom anna at Tussa kan opprethalde produksjonen i det eksisterande anlegget under heile byggeperioden. Så lenge det er lønsamt skal det eksisterande anlegget drivast vidare også etter at det nye anlegget er i drift.

Publisert: 23.01.2026 13:18

Sist oppdatert: 23.01.2026 13:18

Mer om