Olav Osvoll foto Tussa
LÅN OG EIGENKAPITAL: Tussa finansierer utbygginga på 1,55 milliardar kroner med ein kombinasjon av lån og eigenkapital, seier konsernsjef Olav Osdal. Anlegget kan stå ferdig til vinteren 2029/2030. Foto:Tussa
Nytt

Rekordinvestering for Tussa

Byggjer nytt kraftverk på Bjørke i Hørundfjorden for 1,55 milliardar kroner.

23.01.2026

Då Tussa sitt kraftverk på Bjørke sto ferdig i 1961 hadde det kosta omlag ein milliard 2026-kroner. No skal der byggast nytt kraftverk og nye tunnellar for 1,55 millionar kroner, som er den største investeringa Tussa har gjort nokon sinne.

Kraftverket på Bjørke er det viktigaste kraftverket til Tussa og hentar energien sin frå fallet ned frå det regulerte Tyssevatnet.

På det meste vil det vere over 100 personer i arbeid på anlegget, i den tre og eit halvt år lange anleggsperioden, seier konsernsjef Olav Osvoll i Tussa.

Artikkelen blir oppdatert

Over doblar maksimal kapasitet
Dagens kraftverk er bygd for ein relativ jamn produksjon, med 60 MW som maksimal effekt. Det nye anlegget får ein maksimal effekt på 150 MW.

I dagens marknad er det blitt meir lønsamt å kunne auke eller reduserte kraftproduksjonen i takt med etterspørsel og pris. Det skuldast mellom anna at ustabil vindkraft utgjer ein del av kraftforsyninga og fører til at det blir mindre kraft når det er kaldt og vindstille. Då stig prisane og det kan mellom andre Tussa utnytte når selskapet kan produsere meir på kort tid.

Tussa-styret sa ja til utbygging i går.

– Kraftverket har tent regionen godt i mange tiår. No er behova i kraftsystemet endra, og styret har vurdert at eit nytt kraftverk gir større verdi og betre risikoprofil enn ei omfattande vidare oppgradering av det eksisterande anlegget, seier Osvoll i ei presssemelding.

3,5 kilometer tunell
Den nye kraftstasjonen på Bjørke skal byggast i ein hall 700 kilometer inne i fjellet. Derifrå skal det også byggast ny inntakstunnell opp til vatnet. I alt skal det byggast 3,5 kilometer tunnell i det nye anleget fortel Osvoll.

Utbygginga omfattar også ny anleggsveg opp til Tyssavatnet og ei forsterkning av demninga.

Dagens anlegg skal vere i drift i heile byggeperioden og også etterpå, så lenge det er lønsamt. Det betyr at Tussa vil ha ein maksimal produksjonskapasitet på 210 MW med både det nye og gamle kraftanlegget i full drift.

Aurstad-oppdrag
Det er Tussa-selskapet Tussa Energi som er byggherre, medan entreprenørselskapet Aurstad i Ørsta skal bygge tunell, vegar og anna anleggsarbeid. Aker Solutions skal levere elektro- og mekaniske komponentar og Norconsult er  engasjert i prosjekteringa.

 

 

Publisert: 23.01.2026 09:59

Sist oppdatert: 23.01.2026 10:36

Mer om