Storkontrakt paa oppdrettsanlegg
INDRE HARØY: Ein rekke lokale bedrifter er med på bygginga av Salmon Evolution sitt anlegg i Hustadvika kommune. Statsminister Erna Solberg opnar onsdag PTG-fabrikken eit par mil unna - digitalt via ei nettsending. 
Nytt

Storkontrakt på oppdrettsanlegg

Kuldeteknologiselskap på Nordmøre med stor leveranse til Salmon Evolution-anlegget - og statsministeren opnar ny fabrikk digitalt i dag.

Marius Rosbach
10.02.2021

PTG Frionordica på Nordmøre har inngått ein avtale om å levere eit energianlegg med seks store varmepumper til Salmon Evolution sitt oppdrettsanlegg på Indre Harøy.

Selskapet i Moldefjorden har inngått avtalen med Artec Aqua i Ålesund, som er totalentreprenør for det landbaserte anlegget, blir det opplyst i ei pressemelding onsdag.

Statsministeren opnar fabrikk

PTG Frionordica som held til to mil frå oppdrettsanlegget, er nyleg ferdig med å utvide fabrikken, ei investering til 20 millionar kroner.

Statsminister Erna Solberg står for opninga av fabrikken via ei onsdag kl. 10.30

Selskapet har spesialisert seg på teknologi knytt til settefisk. Verdien på det nye oppdraget blir ikkje opplyst.

– Uhyre effektive

Dei største varmepumpene som skal leverast har ein effekt på 6000 kW, og kvar av dei vil ha ei vekt på 20 tonn, heiter det i meldinga.

– Varmepumpene er uhyre effektive samanlikna med andre varmepumpeteknologiar. For kver kW straumforbruk til kompressor og pumper får man 30 kW varme, uttalar salssjef Per Johansen PTG Frionordica i meldinga.

Pumpene er forsterka med avløpsvekslar, som gjer at energianlegget som helheit en sokalla effektfaktor (COP) på 30.

Opptil 200 i arbeid på byggeprosjektet

Leveransen frå PTG er del av første byggetrinn av det som skal bli eit av Nord-Europas største slike anlegg på land. Bygginga har sikra Artec Aqua milliardkontrakt og ein rekke andre bedrifter frå regionen er med på prosjektet.

Prosjektleiar Ole Gunnar Lyngstad i Artec Aqua opplyser at det på det meste vil vere opptil 200 personar i arbeid med bygginga av anlegget. I snitt vil prosjektet gi arbeid til 163 personar under byggeperioden.

Les også:



Analyse:




Publisert: 10.02.2021 10:04

Sist oppdatert: 21.08.2021 15:06