Storsatsing paa havsalat paa Gjoesund
VALDERØYA: Petter Marius Synnes og aktørane bak Nordi Ocean med storstilte planar for dyrking av havsalat på Gjøsund.
Nytt

Storsatsing på havsalat på Gjøsund

Selskapet Nordi Ocean planlegg å produsere 500 til 1.000 tonn årleg med havsalat på land på Gjøsund.

03.06.2019
Nordi Ocean er tidlegare Green Cycle, og selskapet har no søkt om byggjeløyve for landbasert dyrking av havsalat på Gjøsund.
Det skriv , som først omtala satsinga.
Havsalaten er algearten ulva og målet er å starte produksjon innan 2022.

Firmenich og Ocean Supreme

Bak satsinga står Petter Marius Synnes, Jon Arve Synnes, Johan Roald Sandøy og Arnfinn Sigbjørn Ytterland, som også satsar på taredyrking.
Selskapet har inngått intensjonsavtalar med selskapa Firmenich og Ocean Supreme. I tillegg har ein samarbeid med Innovasjon Norge, der ein håpar på tilskot på inntil fire millionar.
I eit presseskriv viser selskapet til at marknaden for tare i all hovudsak er Asia, men marknaden er veksande i Europa og Amerika, og at fleire har spådd dette kan bli ein milliardindustri for Noreg i framtida.
- Vi ser at havet i framtida vil ha vesentleg større betydning for verdas matproduksjon, noko vi ønskjer å ta del i med vår lokale tilhøyrsle her i Giske kommune.
- Her er vi forankra i fleire av FNs berekraftmål i vår forretningsstrategi, som mellom anna mål 12 – ansvarleg forbruk og produksjon, og mål 14 – liv under vatn, seier Synnes.

Treng mykje næringsrikt sjøvatn

Han viser til at selskapet har behov for reint næringsrikt sjøvatn snarast.
- Om Gjøsund havn skal titulere seg som framtidsretta «Nasjonal fiskerihamn», og trekke til seg ny industri innan sjømat og fiskeindustrien, bør fleire gå saman, eller at kommunen stiller opp og lager eit offentleg eigd anlegg snarast, med kjeldebeskyttelse av denne.
- Vi meiner vi må sjå dette i eit større perspektiv og dimensjonere sjøvassforsyninga til eit felles anlegg som kan kome ny og eksisterande industri til gode frå dag ein, seier Synnes.
Han meiner det er lite berekraftig å lande råstoff i Norge, og auke foredling og auka bruk av restråstoff frå fiskeri- og havbrukssektoren, om ein ikkje har kontroll eller kan dokumentere rett sjøvasskvalitet.
- Dagens kundar etterspør sporbarheit og kjelde-dokumentasjon, seier Synnes.

Oppdrettsslam som gjødsel

Han opplyser at for å klare å nå målet om produksjon på 1000 tonn havsalat, har prosjektet ein fase 2, som går ut på å bruke slam frå oppdrettsnæringa og omdanne dette til gjødsel for bruk i den landbaserte algeproduksjonen. I dette utviklingsarbeidet er Møreforsking med på laget.
Investeringane som må til for å få det nye anlegget på fote er rundt 15 millionar kroner.
- At vi har fått med oss to internasjonale aktørar har også gjort at MRB har blitt trigga, og dei skal hjelpe oss med å skaffe den naudsynte kapitalen.
- Det er det vi jobbar med no, sier Synnes.
Vi ser at havet i framtida vil ha vesentleg større betydning for verdas matproduksjon

Publisert: 03.06.2019 08:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35