Stortinget ber om pelsdyrforbod
KAN BLI STOPP: Eit fleirtal på Stortinget ber Regjeringa vurderer forbod mot pelsdyroppdrett. Vil råke 46 oppdrettarar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Nytt

Stortinget ber om pelsdyrforbod

Eit klart fleirtal på Stortinget vedtok seint torsdag å be regjeringa vurdere forbod mot pelsdyroppdrett. Råkar 46 oppdrettarar i nordvest.

12.12.2014
(NPK-NTB/NETT NO): Vedtaket vart fatta av alle parti på Stortinget, med unntak av Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), opplyser landbrukspolitisk talsmann Knut Storberget i Arbeidarpartiet til NTB.
– Ap har på si side eit landsmøtevedtak om totalforbod, så for vår del kunne dette vedtaket vore endå tydelegare. Men vi valde å stemme for forslaget fordi det gir eit svært tydeleg signal til regjeringa, seier Storberget.

280 pelsgardar

Gloppen og Ørsta er dei største pelsdyrkommunane på Nordvestlandet. Gloppen med sine 14 pelsdyrgardar er den tredje største i landet, målt i talet på oppdrettarar. Det viser ein rapport konsulentselskapet Oslo Economics laga for Norges Pelsdyralslag i 2012. Ørsta kjem på åttandeplass, med åtte oppdrettarar.

På landsbasis omfattar næringa om lag 280 pelsdyrgardar, som eksporterte pels for 350 millionar kroner i 2011.
Tyngdepunktet for minkproduksjonen (som er størst) ligg i Rogaland og for rev i Trøndelag. I Sogn og Fjordane var det 29 oppdrettarar og i Møre og Romsdal var det 17 då rapporten vart laga. Målt i talet på oppdrettarar er dei to fylka høvesvis fjerde og sjette pelsdyrfylke.

Milliarderstatning

Mandag legg eit regjeringsoppnemd utval fram ei utgreiing om framtida til norsk pelsdyrnæring. Ein rapport som utvalet har bestilt konkluderer med at det kan bli snakk om erstatning på over sju milliardar kroner dersom næringa skal avviklast.
– Basert på verdiskapinga i pelsdyrnæringa, så viser våre utrekningar at full erstatning vil komme på 7,45 milliardar kroner. Ved ei avvikling vil oppdrettarane misse inntekta si for all framtid, og dei vil ha behov for kapital for å omstille seg til anna verksemd. Om vi reknar om dette til ein eingongssum, så kjem vi fram til dette beløpet, seier rådgjevar Ivar Hovland i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).

Vil forby næringa

Politikken til Arbeidarpartiet er etter landsmøtevedtaket i Oslo i fjor å jobbe for ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa i Noreg. Stortingsgruppene til dei fleste andre partia er også kritiske til næringa, men har ikkje like klar vedtak i ryggen.
– I Arbeidarpartiet vil vi no lese nøye rapporten frå pelsdyrutvalet som blir overrekt måndag. Den eine halvdelen av mandatet til utvalet var nettopp å gje svar på korleis ein kan gjennomføre ei styrt avvikling av næringa, seier Storberget.
MDGs stortingsrepresentant Rasmus Hansson opplyser til NTB at dei ønskte eit endå strengare vedtak.
– Vi stemde ikkje for fordi vi sjølv har lagt fram eit representantforslag om avvikling av pelsdyroppdrett og å bruke subsidiane som overgangsstøtte, seier Hansson.

Ikkje i Sundvolden-erklæringa

Vedtaket torsdag 11. desember inneber at regjeringa må svare Stortinget på kravet om å vurdere ei avvikling. Då bør regjeringa legge rapporten til grunn, meiner Storberget.
Pels er ikkje nemnt med eitt ord i Sundvolden-erklæringa, som er samanfatninga av hovudsatsingsområda til Høgre/Frp-regjeringa.
Men i budsjettforliket som vart inngått 21. november, bad regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og dei to støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti regjeringa om å vurdere eit forbod.

Venstre-skryt

Venstres Sveinung Rotevatn er glad for at Knut Storberget og Ap stiller seg bak og no stemmer for det som dei fire borgarlege partia var samde om i budsjettforliket.

– Dyrevelferd er viktigare enn menneskas behov for luksusvarer. Pelsdyrbransjen har ikkje sørgd for at dyrevelferda er tilstrekkeleg forbetra dei siste ti åra. Venstre vil difor avvikle norsk pelsdyroppdrett og er glad for at Arbeidarpartiet støttar det borgarlege budsjettforslaget på dette viktige punktet for dyrevelferd, seier Rotevatn.

Publisert: 12.12.2014 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39