Strand-søskenbarn inn i Fiskebåt-styret
Både Solveig Strand og Janne Grethe Strand Aasnæs er valde inn i styret i Fiskebåt.
Solveig Strand er nestleiar i organisasjonen, medan Janne Grethe Strand Aasnæs er ordinær styremedlem.
Dei to søskenbarna er daglege leiarar i kvart sitt Ålesund-reiarlag; høvesvis Strand Havfiske og Strand Rederi.
Jonny Berfjord frå Dønna blei attvald som styreleiar for Fiskebåt for eit år til, og går dermed inn i sitt åttande år som styreleiar i Fiskebåt.
Holmeset inn i styret
Det avgjorde eit samrøystes digitalt årsmøte. I tillegg til Strand Aasnæs kjem Kjetil Holmeset kjem som nye styremedlemmar, opplyser organisasjonen i ei pressemelding.
Janne Grethe Strand Aasnæs tar over etter Paul Harald Leinebø, etter at ho i desember blei valt som styreleiar i Fiskebåt Vest, og dermed representerer regionlaget i styret i Fiskebåt.
Kjetil Holmeset tar over plassen etter Knut Roald Holmøy som går ut av styret etter åtte år.
Styret i Fiskebåt er då samansett slik;
Jonny Berfjord, leiar
Solveig Strand, nestleiar
Per William Lie
Eldar Farstad
Marius Ytterstad
Stig Østervold
Sigvald Berntsen
Helge Olav Vikshåland
Janne Grethe Strand Aasnæs
Kjetil Holmeset
Kristin Remøy (1. vara og fast møtande i styret).
Årsmøtet behandla elles berre ordinære årsmøtesaker.
Publisert: 22.02.2022 11:42
Sist oppdatert: 22.02.2022 11:51