Janne Grethe Strand Aasnæs
ÅLESUND: Janne-Grethe Strand Aasnæs er ny styreleiar i Fiskebåt Vest. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Overtar som styreleiar i Fiskebåt Vest

Vil arbeide for å få fleire kvinner inn i fiskerinæringa.

03.12.2021

- Rekruttering og kvinnerepresentasjon er viktige saker for meg.

Det seier Janne-Grethe Strand Aasnæs, som på årsmøtet i Fiskebåt Vest vart vald til ny styreleiar etter Paul Harald Leinebø som gjekk av etter åtte år.

Strand Aasnæs er frå Ålesund, og har sidan 2000 vore dagleg leiar i reiarlaget Strand Havfiske, som faren Ole Strand bygde opp.

Ho har pendla mellom Oslo og Ålesund, men no har familien flytta til Sande i Vestfold.

No vert det meir pendling.

- Det er ikkje noko problem, seier Strand Aasnæs.

Må satse grønt
Ho vert styreleiar for ein organisasjon med 74 medlemsfartøy.

Sjølv er ho reiar for to av dei; Havstrand og Strand Senior.

Siste åra har reiarlaget gått svært godt.

Ho seier at det også ser bra ut i år.

- Men framover vert vi nøydde til å satse mykje pengar i det grøne skiftet. Dette er noko som berre må gjerast.

Ho eig 50,1 prosent av Strand Havfiske, medan søstra Elisabeth Strand eig 49,9 prosent.

Solveig Strand og janne Grethe Strand Aasnæs
REIARAR: Søskenbarna Solveig Strand og Janne-Grethe Strand Aasnæs er leiarar for kvar sitt fiskeriselskap. Foto: Kjetil Haanes

Familiesamarbeid
Selskapet har felles administrasjon med Strand Rederi, som søskenbarnet Solveig Strand er dagleg leiar for.

Solveig Strand er for øvrig nestleiar i styret i Fiskebåt sentralt, medan Janne-Grethe Strand Aasnæs er styreleiar i Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfinansiering (FHF).

Ho seier at det er naturleg å seie ja når ein vert spurd om å ta på seg eit verv.

- Fiskebåt Vest er ein svært viktig organisasjon, som eg ser fram til å vere styreleiar for.

Ho har ikkje vore styremedlem siste åra, men var tidlegare styremedlem i Ålesund Rederiforening.

Publisert: 03.12.2021 15:01

Sist oppdatert: 03.12.2021 16:18

Mer om