Inge Bjørdal Næringssjef Stranda foto Ogne
VIL HA LAG: Kommunen ønskjer seg ein organisasjon som samlar og er talerør for næringsliv i Stranda kommune, ifølgje næringssjef Inge Bjørdal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Stranda etablerer næringsforum

Aksjeteikning er i gang. Målet er etablering i løpet av hausten.

28.06.2023

Næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune seier både næringslivet og kommunen vil ha nytte av å få etablert eit næringsforum. Ei arbeidsgruppe med representantar frå næringsliv og kommune har arbeidd i ein lengre periode for å få det til.

Det handlar mellom anna om å etablere eit felles talerør for næringslivet, som gir næringslivet tyngde utad og kommunen eit betre bilete av ynskje og meiningar i næringslivet.

- Det ser lovande ut, seier Bjørdal om interessa for å teikne seg til aksjar i næringsforumet.

Mangelvare
Stranda har ein næringsmiddelindustri med over 700 tilsette, skreiv NETT NO i 2019 i samband med lanseringa av boka om historia til denne industrien i kommunen.

Kommunen har sakna eit lag som har samla både næringsmiddelindustri og resten av næringslivet, går det fram av Stranda kommuen sin strategiske næringsplan for åra 2020-2024:

"I Stranda kommune har det i lang tid mangla ei form for felles organisering av bedriftene (t.d. industrilag, næringsforeining, næringsforum). Dette hemmar samhandlinga mellom kommunen og bedriftene fordi kommunikasjonen vert tungrodd. Kommunen har ofte behov for å gå ut med bedriftsrelevant informasjon t.d. i samband med planarbeid, offentlege verkemiddel, tilskotsordningars, opplæring m.m. Det naturlege for kommunen ville vere at ein i slike samanhengar kunne etablere kontakt via ei felles overbygning t.d. ein næringslag i staden for å måtte gå via einskildbedrifter.", heiter det i planen.

Publisert: 28.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 27.06.2023 18:26