Ina Eldøy Stranda hotell
TØFFE ÅR: Ina Eldøy er dagleg leiar for Stranda Hotell, som har to tøffe år bak seg.
Nytt

Vekst etter koronatida

Inntektene til Stranda Hotell vart meir enn halvert under koronapandemien. I år er det vekst, men regnet held nordmenn unna i juli.

04.08.2022

50 prosent auke i inntektene på sjølve hotellverksemda så langt i år samanlikna med same periode i fjor, anslår dagleg leiar Ina Eldøy i Stranda Hotell om utviklinga hittil i år. (Serveringsverksemda på Strandafjellet, som hoteller hadde ansvaret for i fjor, er ikkje med i berekningsgrunnlaget).

- Første halvår har vore eit halvår med optimisme. Det har vore god aktivitet, seier ho.

Spesielt mai var bra og utlendingane er tilbake, men regnveret gjorde at juli- som er høgsesong for norske turistar - vart eit månad med få nordmenn på besøk.

Koronatida har medverka til at nordmenn ventar lenger med å bestille og er snarare til å ombestemme seg. Det reduserer planleggingshorisonten. Hotellet har stramma inn på avbestillingvilkåra for å hindre at selskapet tek på seg kostnadar berre for å sjå at inntektene uteblir, fortel Eldøy.

Skilde ut fjellet
Fram til og med sommarsesongen 2021 var drifta av serveringsstadane på Strandafjellet ein del av verksemda til hotellet.

Drifta på fjellet er no skild ut i eit eige selskap, som er eit datterselskap av Strandafjellet Skisenter. Den endringa gjer at 2022 og 2021-tala til Stranda Hotell ikkje kan direkte samanliknast.

Smittevernrestriksjonar, mellom anna skjenkestopp, auka kostnadane og reduserte inntektene frå serveringsverksemda på fjellet i fjor og det var ein del av årsak til underskotet i 2021 (sjå tabell).

Halvert inntekt
Stranda Hotell hadde over 28 millionar kroner i driftsinntekter i 2019.

Koronapandemien og smitteverntiltaka har gjort driftsinntektene dei to siste åra har vore under det halve av siste året før korona.

Hotellselskapet har ikkje hatt overskot sidan 2010 og 2021 enda med tre millionar i minus.

Gjer om gjeld
Underskota har tæra på eigenkapitalen og i år vil eigarane gjere om gjeld til aksjar for at selskapet skal positiv eigenkapital igjen, går det fram av årsmeldinga til selskapet.

Eigarane er Frode Håkon Kjølås, Kjetil Helge Nordang, Per Magne Grøndahl, Bjarte Tunold og Stig Jarle Rødset. Industrimann og eigedomsinvestor Kjølås og K. Nordang-sjef Nordang er eig to tredjepartar av hotellselskapet gjennom sitt selskap 50/50-eigde selskap Møring. Norsk Sjømateigarane Grøndahl, Tunold og Rødset er medeigarar gjennom sitt selskap Strandsfjellet Holding, der Grøndahl og Tunold eig 47 prosent kvar og Rødset resten.

Til saman har aksjonærane i Stranda Hotell as gitt lån på 2,65 millionar kroner til selskapet.

Satsa på Stranda
Kjølås, Grøndahl, Tunold og Rødset er også medeigarar i Strandafjellet Skisenter, som eig og driv alpinanlegget på Strandafjellet.

Skianlegget vart kjøpt frå kommunen i hotellet ved årskiftet 2013/2014, Strandafjellet Skisenter i 2012.

Stranda Hotell as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt13,614,3
Driftsresultat-2,2-0,4
Resultat før skatt-3,0

-1,2

Publisert: 04.08.2022 13:00

Sist oppdatert: 04.08.2022 12:57

Mer om