Strandrydding Liten interesse i nordvest
FORSØPLING: Liten interesse i nordvest for å søkje om midlar til strandrydding, her frå Løsetstranda i Herøy kommune.
Nytt

Strandrydding: Liten interesse i nordvest

Miljødirektoratet lokkar med pengar, men interessa i nordvest har vore laber for å rydde opp i strandsona.

06.05.2016
(NETT NO/NPK): Sogn og Fjordane er heilt ute av lista når no fordeler 15,3 millionar kroner til tiltak mot marin forsøpling.
Totalt kom det inn 70 søknader.
- Vi fekk inn veldig få søknader frå Sogn og Fjordane. Den vi fekk, galdt informasjonstiltak, seier rådgjevar Mari Kristin Martinsen i Miljødirektoratet til NETT NO.

44 kommunar

Det var ikkje mykje betre i Møre og Romsdal, men her har Miljøpartnerne fått 1,2 millionar kroner til strandrydding i 44 kommunar.
- Dette dekkjer kommunar i Møre og Romsdal, Nord- og Sør-Trøndelag, seier Martinsen.
Til saman 12,5 millionar går til 16 lokale, regionale og nasjonale prosjekt i samband med rydding av strender og havbotn, fjerning av herrelause småbåtvrak og den nasjonale strandryddedagen 7. mai.

Hold Norge Rent

Elles er 2 millionar fordelte på fire informasjonstiltak og 500.000 kroner på to prosjekt innan metodeutvikling og innovasjon.
– Vi har fått inn over sytti søknader frå engasjerte folk som ønskjer å bidra til ein reinare kyst. Det viser at heile Noreg engasjerer seg mot marin forsøpling, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet, som anbefaler alle å delta på den store strandryddedagen 7. mai.
Primus motor for strandryddedagen, organisasjonen Hold Norge Rent, er elles den største enkeltmottakaren og får til saman 4.590.000 kroner til ulike prosjekt knytt til strandrydding og strandryddedagen.
Vi fekk inn veldig få søknader frå Sogn og Fjordane

Publisert: 06.05.2016 16:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56