Kraft nov
STRAUM: Elspotprisen tysdag morgon. Nordvestlandet ligg høgast i Norden. Skjermdump: Statnett
Nytt

No har vi dyrast straum i Norden

Kraftprisen i sør- og aust-Norge gjer eit stup. Staten aukar overskotet, men mange vil slite.

30.11.2021

(NPK-NTB-NETT NO): Tysdag morgon er elspotprisen på Nordvestlandet 210 øre kWh. I tillegg kjem nettleige og avgifter.

Prisen er no over 77 øre kWh høgare enn sør- og aust-Norge. Det viser ferske tal frå Statnett.

Trass i mykje regn og vind siste dagane, har Nordvestlandet no høgaste straumprisen i Norden, saman med Sverige og København-området i Danmark.

Straumflyten viser samstundes at det vert eksportert straum ut av regionen som dekker Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland sør til Sognefjorden.

Store ekstrainntekter
Dei høge straumprisane i haust og vinter gjer at staten kan forvente nesten 10 milliardar kroner i utbyte frå Statkraft neste år.

Det er 2,3 milliardar kroner meir enn det som vart anslått i statsbudsjettet som regjeringa Erna Solberg la fram, skriv E24. I budsjettet som Ap-Sp-regjeringa no har vorte samd med SV om, blir det anslått eit utbyte på 9,7 milliardar kroner.

Det har gitt regjeringa meir å rutte med i budsjettet.

– Ekstrautbytet kjem som følgje av oppdaterte analysar og byggjer på Statkrafts langsiktige utbytestrategi. Dette er ikkje eit tiltak for å saldere budsjettet, seier Frode Jacobsen i Arbeidarpartiet til E24.

Inkassobransjen ventar auke
Samtidig melder inkassoselskapa at dei trur mange får det knalltøft med å betale dei høge straumrekningane i månadene framover.

No førebur bransjen seg på ein straum av inkassosaker over nyttår som følgje av dei høge straumprisane, skriv Dagens Næringsliv.

– Dette vil openbert få utslag i inkassotala. Talet på inkassosaker vil auke, seier Christian Aandalen, kommersiell direktør hos inkassoselskapet Fair Group, etter ei veke med rekordhøge straumprisar.

Senkar forbruket
Men auka sparing under pandemien gjer truleg at folk flest klarer å betale rekningane.

– Eg trur vi vil sjå at dei høge straumprisane gjer at folk flest tenkjer seg meir om før dei bruker pengar på andre ting. Det vil hemme forbruket i samfunnet, men det vil nok samtidig bidra til at fleire klarer å handtere høge straumrekningar. Vi må heller ikkje gløyme at nordmenn etter pandemien har rekordmykje pengar på bok, seier Aandalen.

Det går minst eit par månader frå ei ubetalt rekning har forfalle, til ho går til inkasso. Dermed vil det ikkje vere klart før ut på nyåret om straumprissjokket vil føre til ein større auke i talet på inkassosaker.

Daglege rekordar
I Sør-Noreg har straumen aldri vore dyrare enn no. Rekorden frå søndag – på 1,87 kroner kilowattimen – vart knust måndag. Då var snittprisen gjennom døgnet 2,56 kroner kilowattimen – ekskludert nettleige, avgifter og påslag frå straumselskapet.

Aller dyrast var straumen mellom klokka 17 og 18 måndag, då nettoprisen var over 4 kroner per kilowattime, før nettleige, elavgift, moms og påslag.

Tysdag fell prisane noko tilbake. Snittprisen i Noreg vil tysdag liggje på 1,45 kroner per kilowattime. Det er 90 øre lågare enn måndag, men 1,32 kroner meir enn same dag i fjor.

Lovar ingen snarleg løysing
Aps Terje Lien Aasland som leier energi- og miljøkomiteen på Stortinget, seier det blir vanskeleg å finne ei snarleg løysing på dei høge straumprisane.

Sjølv om Noreg produserer om lag 15 prosent meir straum enn dagens forbruk i Noreg, held prisane fram å stige. I Sør-Noreg vart det sett ny dagsrekord per øre kilowatt med 255 øre kilowattimen i snitt. Det er ny rekord med god margin, og straumprisane vore så høge i Noreg som dei var måndag 29. november.

– Vi tek situasjonen på alvor, vi skjønner dette er ei belastning for folk, seier leiar i energi- og miljøkomiteen Terje Lien Aasland (Ap) til Nationen.

Han innrømmer at Ap ikkje var heilt førebudd på den situasjonen den nye regjeringa skulle ta over frå den førre.

Publisert: 30.11.2021 09:10

Sist oppdatert: 30.11.2021 08:52

Mer om