Bilde 2022 02 22 082151
HOPP: Kraftig hopp i straumprisen på Nordvestlandet onsdag. Skjermdump frå Statnett
Nytt

Straumprisen rett opp

I dag kan det vere lurt av folket i nordvest å spare på straumen.

22.02.2022

I morgontimane tysdag kostar straumen på Nordvestlandet over to kroner per kilowatt-time, viser tal frå Statnett.

For første gong på lang tid har resten av landet høgare straumpris enn sør- og aust-Norge.

I lange periodar har elspotprisen på sør- og austlandet vore ti gangar høgare enn i resten av landet.

I tillegg kjem nettleige og avgifter.

Bilde 2022 02 22 083147
OPP OG NED: Tysdag ettermidda vil straumprisen på nytt falle, viser tal frå Tibber. Skjermdump frå Tibber

Vil falle igjen
Ifølgje straumselskapet Tibber vil straumprisen inkludert nettleige og avgifter i dag kome opp i rundt 2,60 kroner kwh.

Høgast vil prisen vere mellom klokka 08 og 09.

Men prisen vil dale igjen på ettermiddagen, slik at snittprisen vil liggje på 0,72 øre kWh.

God og dårleg nyheit
Måndag vart det klart at Statnett kuttar nettleige tilsvarande 5 øre per kilowattime.

Samstundes skal elavgifta opp med 8 øre per kilowattime.

Statsnetts gåvepakke på til saman 4 milliardar kroner slår inn 1. april, samtidig som straumstøtta til regjeringa frå i fjor tek slutt, skriv E24.

– Så det som i utgangspunktet er ei god nyheit for forbrukarane, blir ete opp av ei litt dårlegare nyheit, seier kommunikasjonsdirektør Bengt Eidem i nettselskapet Tensio til avisa.

– Spørsmålet er om det er lurt å auke elavgifta igjen frå 1. april, dersom straumprisen skulle halde seg oppe. Det blir eit spørsmål som politikarane må diskutere, seier Eidem.

Publisert: 22.02.2022 08:38

Sist oppdatert: 22.02.2022 08:44

Mer om