Straumprisen under null kroner
I morgon vert det historisk lave straumprisar heile døgnet.
Straumprisen for Nordvestlandet er klokka 14:30 i dag på minus 2,58 øre/kWh. Ser ein vekk frå nettleige, vil det dermed løne seg å bruke elektrisk kraft.
Også Nord-Norge, Finland og Midt- og Nord-Sverige opplever tilsvarande lav straumpris.
På Vestlandet og Sør- og Austlandet er straumprisen no 72,80 øre/kWh, medan i Baltikum er prisen over 100 øre/kWh.
Historisk rekord
I morgon vil dei lave prisane halde fram.
For første gong i historia får Midt- og Nord-Norge ein gjennomsnittleg straumpris for eit døgn som er under null kroner, opplyser Europower og EnergiWatch.
Snittprisen for Midt- og Nord-Norge fell torsdag heilt ned til minus 1,2 øre/kWh i gjennomsnitt for døgnet i engrospris. Det er før berekning av skattar, nettleige og eventuell straumstøtte.
For mykje straum
På det lågaste går straumprisen ned til minus 4 øre/kWh, og på det høgaste er engrosprisen 2,2 øre/kWh.
Årsaka til at prisane fell så lågt, er at det blir produsert meir straum nord i Norden enn det forbrukarane klarer å bruke.
Publisert: 24.05.2023 14:30
Sist oppdatert: 24.05.2023 14:33