NPK-NTB: Rundt 180 skular over heile landet blir ramma av streik. Leiar i utdanningsforbundet i Ålesund seier at streikeviljen ikkje har vore så stor på mange år.
Meklinga førte ikkje fram mellom Unio og KS, og dermed blir 7.000 kommunale tilsette, svært mange av dei lærarar, tekne ut i streik frå torsdag.
Nærare 180 barne-, ungdoms- og vidaregåande skular blir ramma av streiken. I tillegg blir òg rundt 35 barnehagar omfatta av streiken. Nøyaktig kor mange elevar og barnehagebarn som blir omfatta, er ukjent.
I Ålesund blir sju ungdomsskular og seks vidaregåande skular omfatta av streiken.
Det er beklageleg at streik må brukast som verkemiddel, men arbeidargivar har ansvaret, seier leiar Ina Margrethe Enoksen i utdanningsforbundet i Ålesund.
– Eg trur streikeviljen ikkje har vore så stor som han er no, på veldig mange år. Folk er veldig klare. Det er ein stor kampvilje, og medlemmene våre har sagt veldig tydeleg ifrå. Vi er veldig klare, seier ho til NRK.
I Bergen er det først og fremst skular som blir ramma av streiken. Om lag 9.000 skuleelevar blir ramma, opplyser kommunen i ei pressemelding.
– Vi tilrår elevar og føresette å gå inn på nettsidene til den enkelte skulen for å få oppdatert informasjon, seier kommunikasjonsdirektør Eva Hille.
Publisert: 27.05.2021 09:21
Sist oppdatert: 27.05.2021 09:25