Strenge GIEK krav hemmar Ukraina eksport
NORVEN: Butikksjef Anestasia Luschyk ved USC (Ukrainian Seafood Company) sin spesialbutikk i Kiev reklamerer for norsk laks. Her vert norske produkt seld gjennom merkevara Norven, og Luschyk ønskjer seg meir norsk fisk. Men mange norske eksportørar nøler.
Nytt

Strenge GIEK-krav hemmar Ukraina-eksport

Ei rekkje fiskeeksportørar har slutta å eksportere sjømat til Ukraina etter at GIEK Kredittforsikring har redusert dekningssatsen.

11.03.2015
- Årsaka til endringa er at faren for tap er auka betydeleg, seier Steffen Skaar, leiar for fisk og sjømat i GIEK Kredittforsikring.
For eitt år sidan var dekningsatsen 80 % og eigenandelen 20 %. No er dekningssatsen redusert til 70 % og eigenandelen auka til 30 %.

- Feil tidspunkt

Endringa fører til at fiskeeksportørane må bere ein mykje større del av risikoen sjølv ved eksport til Ukraina.
Dagleg leiar Bjarte Flem i Westcoast er ein av dei som no droppar Ukraina.
- Personleg meiner eg at det er feil tidspunkt å drive med sjømatsatsing i eit land som delvis er i krig, seier han.
Han seier at det er mange utanforståande faktorar som spelar inn, slik at han no ser på eksport til Ukraina som lite interessant.
- Mange selskap har tapt store summer på fallet av verdien av hryvna, seier Flem.

Tredobbel pris

Den ukrainske valutaen hryvna har svekka seg kraftig siste året. For norsk sjømateksport har konsekvensen vorte at norsk sjømat på eitt år har vorte tre gongar dyrare for dei som har løna si i ukrainsk hryvna.
Aller mest har valutakrisa ramma norsk lakseeksport. Eksporten av laks til Ukraina fall med 40 % i 2014, og har hittil i år falle med ytterlegare 60 %.

Derimot er det framleis interesse for billegare fiskeslag som sild og makrell.

Egersund-suksess

Pelagia-eigde Egersund Seafood er av bedriftene som framleis satsar sterkt i Ukraina. Gjennom sitt ukrainske dotterselskap, har selskapet starta ein spesialbutikk for sjømat i Kiev, ein butikk som gjekk med overskot i 2014 trass sterkt aukande prisar.
Dagleg er det i snitt 1000 kundar innom butikken, kundar som totalt legg att rundt 50.000 kroner dagen.
No vil Egersund utvide satsinga til nye byar i Ukraina, og kanskje også til Slovakia og Polen.
- I første omgang vil vi etablere oss i Lvov i vest-Ukraina, seier dagleg leiar Sergey Lushjuk til NETT NO.
Han seier at det er stor interesse for konseptet.
- Norsk fisk er populær i Ukraina. Trass høge prisar, finst det alltid ein marknad for kvalitetsfisk.

Forstår skepsisen

Øyvind Sætren, forretningsansvarleg for Ukraina i Egersund Seafood, seier at det må sterke økonomiske musklar til for å satse på Ukraina i dagens istuasjon.
- Vi kjem til å vere i Ukraina og vi har ein langsiktig horisont på investeringane. Det er ein stor og spennande marknad for norsk sjømat.

Men Sætren forstår dei som trekkjer seg ut.
- Ja, det er stor risiko knytt til å satse på Ukraina. Det er spesielt risikabelt for små selskap.

Erna vil ha handel

Statsminister Erna Solberg er av dei som har vore innom spesialbutikken i Kiev. På ein av plakatane har ho skrive "Good luck", og på eit møte i Norwegian - Ukrainian Business Forum sist haust rosa Solberg satsinga, og varsla auka fokus på norsk-ukrainsk samhandel.
Men den endra politikken frå GIEK Eksportkreditt er ikkje med på å stimulere til meir fiskeeksport og handel mellom Ukraina og Norge.
Ei rekkje fiskeeksportørar NETT NO har vore i kontakt med seier at det er uaktuelt med eksport så lenge ein får så lite dekt gjennom GIEK-systemet.
Steffen Skaar i GIEK Kredittforsikring stadfestar at forsikra volum til Ukraina har blitt redusert det siste året.
- Dels skuldast dette ein betydelig svekkelse av den ukrainske valutaen og dels at fleire importørar har gått konkurs eller innstilt drifta.

Fare for kollaps

Han seier at finanskrisa har ført til at det er vanskeleg for aktørane å få tak i valuta for å tilbakebetale eksportørane.
- Det er stor fare for kollaps i det finansielle systemet. Mange importvarer er no blitt så dyre at det går utover salet og framtidig import, seier han.
Rådet frå GIEK Kredittforsikring er at norske eksportørar må vere forsiktige.
- Rådet er å trappe ned kredittsalet og heller selje mot kontant betaling.
Mange selskap har tapt store summer på fallet av verdien av hryvna

Publisert: 11.03.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42