IKKJEBRUKBILDE NTB A8 QEJ7 K5w Qk 1
Cruiseskip på Geirangerfjorden. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Nytt

Strid om cruise i verdsarvfjordane

Klimaministeren vil ha fleire råd om cruisetrafikk i verdsarvfjordane

NPK
23.03.2021

NPK: Klima- og miljøvernministeren har bede Sjøfartsdirektoratet om ei utgreiing om korleis ein kan halde fram med cruisetrafikk i verdsarvfjordane etter 2026, sjølv om direktoratet allereie har frårådd krav om nullutslepp. Det stiller Liv Signe Navarsete (Sp) seg undrande til.

I eit skriftleg spørsmål har Navarsete spurd Sveinung Rotevatn (V) kvifor han ber Sjøfartsdirektoratet om ein rapport som går i ein annan retning enn dei råda direktoratet har kome med tidlegare.

Les spørsmål og svar her

Nullutslepp
Stortinget har vedteke nullutslepp frå 2026, samstundes som ein vil at cruisetrafikken skal halde fram som før. Sjøfartsdirektoratet har frårådd nullutslepp då ein ikkje er trygg på at teknologien er på plass så tidleg.

– Fleire næringslivsaktørar har alt førebudd seg på innføring av kravet frå 2026. Og fleire reiarlag med skip som nyttast i verdsarvfjordane, er i gang med den grøne omstillinga, skriv Sveinung Rotevatn mellom anna i svaret sitt.

Ser etter løysingar
– Min jobb no er å vurdere neste steg i saka, i lys av dei nye vedtaka frå Stortinget. Det er viktig å halde på strenge krav til utslepp frå skip i verdsarvfjordane. Samstundes er eg merksam på at det byr på utfordringar for cruisenæringa teknologisk og økonomisk, som igjen kan få ringverknader for lokalsamfunna, skriv Rotevatn.

Statsråden forstår Stortingets nyleg vedteke oppmodingsvedtak til å gi mandat til å sjå på løysingar for korleis lokale initiativ kan jobbe samen, og også for korleis ein kan sikre anløp av cruiseskip i verdsarvfjordane også etter 2026.

Publisert: 23.03.2021 10:32

Sist oppdatert: 23.03.2021 10:48