I staden for å sy saman 10-15 delar gjer strikketeknologien at Ekornes kan lage trekk til ein stressless-stol i berre tre delar, rygg, sete og krakk.
- Det seier seg sjølv at då får du ein lettare logistikk, seier Rolf Aarseth, som er leiar for Ekornes si satsing på moderne strikketeknologi.
På den internasjonale møbelmessa i Köln, som startar 13. januar, skal Ekornes viser strikka trekk både på eksisterande møblar og på ein spesiallutvikla konseptstol.
Såkall 3D-strikkerobotar har vore på marknaden i fleire tiår, men det er først dei siste åra at teknologien er blitt så anvendeleg at bruken har starta å spreie seg inn i fleire bransjar. Men det er framleis ikkje enkelt.
- Vi kan ikkje noko om strikking, så vi har brukt tre år på å kome dit vi er i dag, seier Aarseth.
Ein ekstra gevinst er at stikking gir null svinn. Alt materialet hamnar på møblane.
I tillegg til å bruke utstyret og kompetansen i 3d-Knitting & Technology har Ekornes også kjøpt sin eigen strikkerobot.
- Det seier seg sjølv at då får du ein lettare logistikk, seier Rolf Aarseth, som er leiar for Ekornes si satsing på moderne strikketeknologi.
På den internasjonale møbelmessa i Köln, som startar 13. januar, skal Ekornes viser strikka trekk både på eksisterande møblar og på ein spesiallutvikla konseptstol.
Tre års arbeid
Moderne strikkerobotar kan til dømes strikke ein genser i eit stykke, klar til bruk i det den blir tatt ut av maskina. Teknologien er tatt i bruk i konfeksjonsindustrien og skoindustrien, og er no også på veg inn i møbelproduksjonen.Såkall 3D-strikkerobotar har vore på marknaden i fleire tiår, men det er først dei siste åra at teknologien er blitt så anvendeleg at bruken har starta å spreie seg inn i fleire bransjar. Men det er framleis ikkje enkelt.
- Vi kan ikkje noko om strikking, så vi har brukt tre år på å kome dit vi er i dag, seier Aarseth.
Null svinn
Ved på strikke møbelstoffet i staben for å bruke vevd stoff som i dag, slepp fabrikken ei rekkje operasjonar: å kjøpe inn stoff, lagre det, skjære til og sy.Ein ekstra gevinst er at stikking gir null svinn. Alt materialet hamnar på møblane.
Strikkesatsing i Sykkylven
Ekornes er ein av samarbeidspartnarane i 3d-Knitting & Technology as i Sykkylven. Det er eit selskap med fleire partnarar, oppretta for å ta i bruk, utvikle og drive opplæring i moderne strikketeknologi for fleire bransjar.I tillegg til å bruke utstyret og kompetansen i 3d-Knitting & Technology har Ekornes også kjøpt sin eigen strikkerobot.
Publisert: 03.01.2020 16:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49






