Cruise Olden MSG Magnifica
OLDEN: Etter planen skal det kome 174 cruiseskip til Olden neste år, her MSC Magnifica ved kai. No vil Stryn kommune byggje ny cruisekai mellom Olden og Loen. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Stryn vil byggje ny cruisehamn

Stryn kommune vil byggje ei ny hamn for cruisebåtar mellom turistmagnetane Loen og Olden.

NPK
23.07.2021

Neste år er det lagt inn bestillingar på 174 cruiseskipsbesøk ved kaianlegget i Olden, og ifølgje NRK Sogn og Fjordane vil det bety om lag 450.000 cruiseturistar. Kommunen trur at utviklinga vil halde fram i åra som kjem.

Kontaktutvalet i Olden har lenge uttrykt ro over at bygda ikkje er i stand til å handtere så store turistmengder som det no blir planlagt for.

– Det handlar om alt frå søppeltømming, ladestasjonar og vegar, seier leiar Ketil Finsås Hansen. Han minner om at det er mange flaskehalsar på vegane i området.

- Bør sjå til Venezia
Fungerande leiar i Miljøpartiet Dei Grøne, Arild Hermstad, meiner Stryn kommune bør sjå til Venezia i Italia, som har lagt strenge restriksjonar på cruisetrafikken. Han meiner det er ein svært dårleg ide å byggje ut store område i og rundt strandsona for cruisenæringa.

Han meiner Stryn heller bør satse på kortreiste turistar, som han meiner lønner seg både økonomisk og ut frå klimaomsyn.

Publisert: 23.07.2021 11:32

Sist oppdatert: 23.07.2021 12:32

Mer om