Cruiseskip geiranger montasje per erik dalen Illustrasjonsfoto Tom Bayly Creative Common skjermdump åkp 11
NULLUTSLEPP: I 2026 skal det vere utsleppsfri skipsrafikk i verdsarvfjordane - mellom anna Geirangerfjorden. Det er ikkje uproblematisk påeikar ÅKP-styreleiar Per Erik Dalen. Illustrasjonsfoto Tom Bayly Wikimedia Creative Commons / skjermdump ÅKP
Nytt

- Utan straum løyser vi ikkje utfordringane

Enorme kostnader til straumutbygging for å møte kravet om ein utsleppsfri verdsarvfjord.

25.06.2021

- Vi er i ein dramatisk situasjon. Vi er nøydde å skaffe meir kraft.

Det sa styreleiar Per Erik Dalen i Stranda hamnevesen i ei orientering til kommunestyret onsdag.

I år ser det ikkje ut til å kome cruiseskip, men hamnevesenet har likevel utgifter til anlegg og vedlikehald. Dette har ført til at Stranda hamnevesen går i minus med fem-seks millionar kroner, i staden for å tilføre kommunekassa over ti millionar.

Utsleppsfrie verdsarvfjordar - dette er saka

Stortinget har vedteke at skip som går inn verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie frå 2026.

Skepsisen har vore stor i cruisenæringa, men fleire aktørar i maritim industri meiner teknologien er på plass for å ta i mot turistbesøk, mellom anna ved hjelp av batteridrivne fartøy.

Ei slik omlegging vil krevde betydelege investeringar i infrastruktur. I dag er det ikkje tilgjengeleg landstraum til dømes i Geiranger, eller Flåm.

Dei norske verdsarvfjordane er Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Synnylvsfjorden og Tafjorden.

Store investeringar
Men dette er likevel små summar i høve til investeringane Stranda kommune står overfor fram til 2026. Då er planen at verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie.

Blant anna vil det vil koste rundt 340 millionar kroner å få fram tilstrekkeleg landstraum til Hellesylt.

Om cruiseskipa derimot skal leggje til på Stranda, er det snakk om ei investering på rundt 150 millionar kroner i kaianlegg der.

Treng straumforsyning
I tillegg er det allereie stor mangel på straum i Geiranger, der det er snakk om ei investering på rundt ein halv milliard kroner å få fram tilstrekkeleg straumforsyning.

- I Geiranger har vi allereie i dag problem med å få ei skøyteleidning ned til kaia for å lade nokre små rib-båtar, sa Dalen.

Etterlyser pragmatiske løysingar
Han var kritisk til miljøsatsinga utan at det samstundes vart tatt omsyn til sosiale og økonomiske forhold.

- Vi får positiv effekt på miljøet med eit nullutsleppskrav, men vi får skadevirkningar på dei andre forholda.

- Etter vårt syn burde ein under berekraftsatsinga sjå på alle elementa, og ikkje berre det eine, sa Dalen.

Han viste til at dei politiske ambisjonane i Norge var skyhøge rundt nullutslepp og det var vanskeleg å få gjennomslag for å finne pragmatiske løysingar for å hindre at lokalsamfunna vart så skadelidande.

Nesten full stopp
Dalen viste samstundes til at det i dag berre er tre-fire cruiseskip som går på LNG.

- Slik det ser ut no, vil vi ende opp med eit system med avlastningskai på Stranda, ein korridor til Hellesylt og nokre få skip som får gå inn til Geiranger.

- I praksis vil det vere nesten full stopp i nokre år.

Uansett meinte han at straumutfordringane måtte løysast om Stranda kommune skal ha ein cruiseindustri framtida.

- Utan straum løyser vi ikkje utfordringane.

(saka held fram under)

Jan olav tryggestad skjermdump regjeringen no
MOTSTAND: Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) fortel at dei opplever motstand frå sentrale styresmakter i synet på behovet for utbygging av infrastruktur. Skjermdump: Regjeringen.no

Vanskelege steinar å rikke
Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) sa at framtidsbodskapen var tydeleg, men at det var vanskeleg å få departement og Stortinget til å sjå dei same realitetane.

- Vi opplever stor motstand, og det er frykteleg vanskeleg å rikke på desse steinane, sa Tryggestad.

Han var samd med Dalen i kraftbehovet.

- Det er eit vere eller ikkje vere for cruisetrafikken om vi klarer å få på plass nok straum.

- Ikkje straum til ein trøsykkel
Frank Sve (Frp) var sterkt kritisk til nullutsleppskravet.

- Det er så greinalaust at vi ikkje klarer å reise oss opp mot denne grøne greia.

Han trudde uansett at nullutsleppskravet kom til å verte ein realitet, men han frykta det ville verte svært dyrt å få på plass nok straum. Han oppmodar alle å jobbe inn mot sine politiske system.

- Der er ikkje nok straum i Geiranger i dag til å ladde ein trøsykkel. Det er realiteten, sa Sve.

Publisert: 25.06.2021 11:31

Sist oppdatert: 26.06.2021 00:59

Mer om