Styresmaktene har gjeve 29 millionar til baaten Saa sette departementet ned foten
STORT SLAKTERI: Utstyrt med 14 store sløyemaskiner kan «Norwegian Gannet» i teorien sluke unna heile slaktebehovet til Hordaland, 160.000 tonn laks per år. 
Nytt

Styresmaktene har gjeve 29 millionar til båten. Så sette departementet ned foten.

Rederiet Hav Line meiner de blir utsatt for ei politisk heilomvending. Det offentlege har stilt opp med fleire titals millionar kroner til prosjektet.

Administrator
17.12.2018
Den nye slaktebåten Norwegian Gannet er kontroversiell og nyskapande. Båten skal hente fisk frå merdar langs vestlandskysten, slakte fisken om bord og levere han til ein terminal i Hirtshals i Danmark.
Kritikarane har meint at båten representerer ein trussel mot arbeidsplassar i Norge, då fisken ikkje blir tilverka her.
å ta med fisk med synlege sår eller misdanningar, såkalla produksjonsfisk, til Danmark. I snitt to prosent av eit slakt er produksjonsfisk. Det betyr at båten enten må sortere fisk om bord, eller gå til kai Norge for å sortere.
Rederiet Hav Line, som eig båten, hadde fått dispensasjon frå ein forskrift hos som forbyr slik fisk å sendast ut av landet, men dispensasjonen blei heva av Nærings- og fiskeridepartementet.
Rederiet har klaga på avgjerda,

29 millionar

Carl-Erik Arnesen Hav Line seier til Sysla at dei har hatt god dialog med styresmaktane. I 2016 sa dei at det ikkje skulle vere nokon hindre for at skipet skulle realiseres, ifølgje ham.
– Langt på overtid, og ikkje fra fagstyresmaktene, men frå departementet, opplev vi no ein politisk heilomvending, sier han.
– Det er for meg uforståeleg at det er politikarane, med ein borgerleg regjering i spissen, og ikkje forvaltninga som er bøygen i dette.
Styresmaktene har óg stilt opp med diverse økonomiske stønadar til skipet, på til saman 29,5 millionar kroner:
  • gjennom tilskuddsordninga for overføring av gods frå vei til sjø.
  • for at skipet skulle byggast med hybriddrift

Nærings- og fiskeridepartementet har ikkje svart på Sysla sitt spørsmål om dei offentlege tilskota.

– Undergrev den overordna politikken

Stortingsrepresentant Ruth Grung (Ap) er glad for at regjeringa har omgjort avgjerda til Mattilsynet. Samstundes meiner ho at dei offentlege støtteordningane syner at det ikkje er noko samanheng i det regjeringa sitt arbeid i denne saka. Kystverket er eigd av Samferdsledepartementet og Enova av Olje- og energidepartementet, som i likskap med fiskeridepartementet båe har statsrådar frå Framstegspartiet.
– Regjeringa gjev støtteordningar som undergrev den overordna politikken. I tillegg til den offentlege støtta får dei også reiarskatt og står fritt til å bruke utanlandsk arbeidskraft, då båten er flagga i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS), seier ho.
Derimot har .
Grung peiker på at ho tidlegare i år, då Per Sandberg var fiskeriminister, sende ein interpellasjon til ministeren og fekk til svar at han såg ingen grunn til å stille seg kritisk til framveksten av slaktebåtar. sa han frå talarstolen på Stortinget.
– Eg blei overraska over at Sandberg vog miljøargumenta tyngst. For oss i Arbeidarpartiet er det viktigaste å få mest mogleg ut av ressursane våre, gjennom å skape arbeidsplassar i Norge. Denne båten skapar arbeidsplassar i Danmark. Men den noverande fiskeriministeren har vore tydeleg på at han er ueinig med avgjerda frå Mattilsynet, seier ho.
I avgjerda, som Sysla har fått innsyn i, står det derimot at det ikkje er omsynet til norske arbeidsplassar som gjer at departementet har oppheva dispensasjonen til Hav Line.
800 millioner kroner er investert i båt og terminal. .

Publisert: 17.12.2018 12:31

Sist oppdatert: 20.02.2024 08:08

Mer om