(NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve og Johan Falnes): Jonas Gahr Støre (Ap) lova støtte som skal treffe breitt, då han møtte i Stortingets spørjetime onsdag. Korleis støtta skal komme, og kor mykje det blir, vil bli klart om nokre timar eller ein dag eller to, sa han.
Men totalt er det snakk om støtte verd fleire milliardar kroner, stadfestar han overfor NTB.
– Vi må lage ei heilt ny ordning, vi har ikkje den mekanismen innarbeidd. Denne situasjonen er ekstraordinær, derfor er tiltaket òg ekstraordinært. Det siktar seg inn på straumkundane som har høge rekningar, seier statsministeren.
Han vil ikkje seie meir om korleis støtta skal delast ut, men seier det handlar om å gjere straumrekningane mindre. Det vil ikkje bli ei behovsprøvd ordning.
– For å gjere dette enkelt, kjem dette til å femne breitt, seier han, og legg til at ordninga skal vere tidsavgrensa for denne perioden med ekstraordinært høge prisar.
Bustøtte og studielån
Første del av støttetiltaka kom onsdag morgon. Det var ordningar som rettar seg mot dei med mest sårbar økonomi:
* Bustøtta skal aukast med 1.500 kroner kvar månad frå desember til mars. I tillegg kjem 150 kroner per person som bur i bustaden. Tiltaket vil koste 500 millionar kroner til saman, skriv NRK. Tidlegare i haust fekk bustøttemottakarane òg 3.000 kroner ekstra.
* Sosialhjelpsmottakarar som ikkje får bustøtte, skal få ein eigen pott på 100 millionar
* Studentar som kan dokumentere straumutgifter, skal få 3.000 kroner i ekstra lån. 1.200 kroner av dette blir gjort om til stipend, skriv VG.
Utolmodig opposisjon
Tiltaka kjem etter at opposisjonen førre veke la fram ei rekkje forslag for å hjelpe folk med straumrekningane. Dei gjorde det klart at det ikkje berre var dei som alt får hjelp i form av bu- og sosialstøtte, som treng hjelp når straumprisane er så høge som no.
SV pressa på regjeringspartia og inngjekk ein avtale som påla regjeringa å følgje opp. SV-leiar Audun Lysbakken seier dei synest det er bra at dei med dårlegast råd får hjelp no før jul.
– Det kjem vi til å bidra til veldig raskt fleirtal for, så pengane kjem raskt ut, lovar han, men legg til at han er bekymra for dei som har akkurat litt for høg inntekt til å få bustøtte.
Samtidig ventar SV-leiaren no spent på tiltaket som skal hjelpe breitt.
– Det store spørsmålet om dei klarer å leggje fram noko som monnar for folk med vanlege inntekter, som marknadskreftene herjar med denne vinteren, seier han.
Han varslar at SV er klar til å diskutere forslaget med regjeringspartia, som treng støtte for å få fleirtal.
Også Høgres finanspolitiske talsperson Tina Bru er utolmodig.
– No trur eg folk er litt lei av å høyre at no kjem det ting, utan å sjå at det faktisk kjem, seier ho til NTB.
Ho meiner det hastar.
– Det å leve i den utryggleiken no om du har råd til julemiddag, om du har råd til straumrekninga di, om du har råd til julegåver, det går ikkje, seier ho.
«Dritpakke»
I spørjetimen fekk statsministeren òg fleire spørsmål om den nye nettleigeordninga som trer i kraft ved nyttår, der det mellom anna blir innført ei ny «rushtidsavgift» på straum.
Ein «dritpakke», meinte Raudts stortingsrepresentant Sofie Marhaug, medan SVs Lars Haltbrekken ville vite om regjeringa vil vurdere å utsetje den nye ordninga.
Det svarte Støre avvisande på.
– Vi har ikkje planar om å utsetje den ordninga, sa Støre.
Han forklarte at den nye nettleiga vil oppmuntre folk til å bruke straum på dei tidene av døgnet der det er billigare, noko som kan bidra til meir effektiv bruk av kraftressursane.
Publisert: 08.12.2021 14:47
Sist oppdatert: 08.12.2021 14:57