NPK-NTB: Statsminister Jonas Gahr Støre erkjenner at delar av næringslivet mista tilliten til Ap-regjeringa. No er han villig til å sjå på alle skattar.
– Eg tek tilbakemeldingane på alvor frå dei delane av norsk næringsliv som har sagt at dei har mista litt av tilliten til oss. Det kjenner eg eit ansvar for å gjere noko med, seier Støre til Dagens Næringsliv.
Han har fått mykje kritikk for kraftige aukar i formues- og utbytteskatt, over den mellombelse auken arbeidsgivaravgifta og nye skattegrep.
Burde ikkje blitt overraska
Han meiner det ikkje burde ha komme som ei overrasking at formuesskatten auka, ettersom Arbeidarpartiet hadde gått til val for meir omfordeling. Men i tillegg kom grep som følgje av krigen i Ukraina, fleire flyktningar og energikrise i Europa.
Støre seier han forstår opplevinga av at det vart brå skifte. Men no vil han strekkje ut ei hand til næringslivet.
Inviterer til forlik
Snart kjem også invitasjon til partia på Stortinget om å finne saman i eit skatteforlik.
– Eg er open for å sjå på alle skattar, inkludert eigarskattlegginga, som ein del av ein skattekommisjon, og lytte til det kritikarane seier. Eg høyrer det dei seier, samtidig som eg forventar at dei ser nødvendigheita av rettferdig fordeling, seier han.
Dei neste åra er han oppteken av å ha eit tillitsfullt og nært forhold til næringsliv og arbeidsliv.
– Det er nøkkelen i Aps ambisjon om å skape og dele. Det er viktig for meg etter valet å markere. Å innleie den gode samtalen frå start. For Noreg er heilt avhengig av bedrifter som satsar, og denne regjeringa er på lag med næringslivet, seier Støre.
Han understrekar at Ap aktar å stå ved løftet om å halde selskapsskatten uendra, og dessutan at det samla skatte- og avgiftsnivået ikkje skal auke.
Publisert: 22.09.2025 12:17
Sist oppdatert: 22.09.2025 12:17






