Større fart i helsekostmarknaden
Arctic Bioscience har allereie sikra like stort sal som i heile fjor.
Ordreinngangen i heleskostmarknaden hittil i år, svarar til over 90 prosent av inntektene Arctic Bioscience hadde i heile 2023, skriv selskapet i ei børsmelding.
Selskapet i Hovdebygda i Ørsta lagar helsekostprodukt basert på silderogn. Samstundes arbeider selskapet med å utvikle og få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, også det basert på silderogn.
Inntil legemiddelgodkjenninga eventuelt er på plass er det helsekostmarknaden som sikra inntektene.
I fjor var det på 33,8 millionar kroner. Ifølgje måndagens børsmelding er det allereie sikra at inntektene i år blir på over 30 millionar kroner.
Nok pengar
Mesteparten av den gode ordreinngangen, slår ikkje inn som inntekter før seinare i år.
I første kvartal i år hadde Arctic Bioscence 6,1 millionar kroner i driftsinntekt, mot 7,8 millionar kroner i første kvartal 2023. Driftsresultatet før av- og nedskrivingar (ebitda) blei minus 12,7 millionar kroner mot minus 12,1 millionar kroner i første kvartal i fjor.
Selskapet har 74,6 millionar kroner ståande på bok eller som lett tilgjenglege midlar. Det er nok til å gjennomføre den store studien av psoriasislegemiddelet som selskapet er i gang med, slike selskapet tidlegare har opplyst, seier administrerande direktør Christer Valderhaug.
Svar i september
Den siste deltakaren i ein stor internasjonal studie av middelet Arctic Bioscience satsar på skal få godkjenning som legemiddel byrja å ta middelet i starten av mars.
Testperioden varer i seks månadar, slik at dei første resultatat frå studien er klar i september/oktober.
Ytterlegare ei stor studie må til for å få godkjenning. For å finansiere den er både partnarskap eller kapitalutviding alternativ.
Publisert: 29.04.2024 09:21
Sist oppdatert: 29.04.2024 12:15