Jonny Mork Rema 1000 Ulsteinvik Foto Marius Rosbach 11
VANN PÅ MÅLSTREKEN: Rema 1000-kjøpmann Jonny Mork (bildet) i Ulsteinvik slo Blindheim-kollega Egil Gjerdsbakk på målstreken i kampen om å selje mest matvarer av kjedebutikkane i regionen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Størst og mest lønnsam av Rema-butikkane i nordvest

– Vi hadde ein herleg fight gjennom heile fjoråret, seier Rema-kjøpmann om konkurransen han vann på målstreken. Sjå resultatoversikt.

Marius Rosbach
10.03.2025

Jonny Mork i Ulsteinvik driv den Rema 1000-butikken på Nordvestlandet som selde mest daglegvarer i fjor. 

Han leverte også best lønnsemd av butikkane som har levert rekneskapen so langt. 

– Det er ein kombinasjon av fleire ting, men du er nøydt til å ha flinke folk med deg. Viss ikkje når du gjerne ikkje dei måla du har sett deg, seier Mork om resultatet. 

Samtidig legg ikkje ulsteinvikaren skjul på at konkurransen med kollegaene er ein sterk motivasjon.

– Uskuldig moro, men samtidig viktig
Egil Gjerdsbakk som driv Rema 1000 på Blindheim i Ålesund gjennom selskapet Sunnmøre Mat, låg jamt med Ulstein-butikken gjennom heile fjoråret – men Mork slo han på målstreken. 

– Vi er gode kompisar og hadde ein herleg fight gjennom heile fjoråret. Det er berre uskuldig moro, men samtidig viktig, seier Mork.

  • Sjå resultatoversikt for Rema 1000-butikkane på Nordvestlandet under

Rett nok viser dei samla driftsinntektene for butikkselskapa at Sunnmøre Mat enda eit hakk over – men Ulstein-kjøpmannen påpeiker at det er salsinntektene som tel i konkurransen dei i mellom. Der låg Ulstein-butikken framom kollegaene på Blindheim.

– Vi passerte dei litlejulaftan og enda eit par hundretusen over dei, legg Mork til. 

Rema 1000 Giske som Nordvest Mat og Bjørn-Kristian Risøy står bak, hadde 3. størst omsetning av kjedebutikkane som no har levert årsmelding med 121 millionar. 

Forutan H.I.Giørtz-eigde Moa Mat, hadde desse tre daglegvarebutikkane størst omsetning på Nordvestlandet i 2023

Les resultatoversikt fra 2023

Også Rema 1000 i Stryn som er eig av Ronny Sønsterudbråten har nyleg levert 2024-rekneskap, som viser betring både i omsetning og overskot. 

Butikken som hadde 4. høgast omsetning i 2023, gjekk inn på samme plassering i fjor. 

Meiner ombygging ga løft
Med ein omsetningsvekst i løpet av fjoråret på kring 15 prosent, låg Ulstein-butikken langt over fjorårets auke i matvareprisane på drygt 5 prosent. 

Det er ikkje skjedd endringar i lokalmarknaden som skulle tilseie ei endring.

Mork trur ei ombygging av Ulsteinvik-butikken som blei gjort i 2023, er mellom faktorane som slo positivt ut for dei i 2024. 

– Det har gitt oss eit løft, og vi opplever at vi gjer ting hakket betre enn tidlegare, seier han. 

Jonny Mork Rema 1000 Ulsteinvik Foto Marius Rosbach 22
HAR BYGD OM: Rema 1000-kjøpmann Jonny Mork i Ulsteinvik mener ombygging av butikken bidro positivt i fjor. Foto: Marius Rosbach

Mest lønnsame butikken
I lønnsemd er Ulsteinvik-butikken også klart best av dei drygt ti Rema-butikkane på Nordvestlandet som til no har levert 2024-tala. 

Rekneskapen viser ein resultatmargin på 3,8 prosent for butikkselskapet i fjor. 

Rema 1000 Giske og Nordvest Mat, som er eigd av Bjørn-Kristian Risøy, kom nærast av dei andre, med ein resultatmargin på 3,4 prosent. 

  • Sjå resultatoversikt for Rema 1000-butikkane på Nordvestlandet under

Elles var det ingen av dei andre Rema-butikkane som har levert ein resultatmargin på over 2,5 prosent i fjor. Snittet for butikkselskapa i Nett No sin oversikt, har ein resultatmargin på 2,3 prosent - hakket betre enn året før.

Mork fortel at målet til Rema-butikkane er ein driftsmargin på tre prosent målt på omsetninga som går gjennom kassene. 

Forstår at folk synest maten er dyr 
Auka matprisar har naturleg påverka omsetninga i daglegvarebransjen dei siste åra. 

Mork seier han har forståing for at forbrukarane synest matvarer har blitt dyrt, og at mange ville ønske dei var billigare.  

– Men sjølv om bransjen hadde gått i null, vil ikkje dei få prosentane gjere at folk opplever at maten er billig, legg han til.

Dei største Rema-butikkane på Nordvestlandet 
Tal i mill. kronerDriftsinntekt Res. før skatt 
Selskap2024202320242023
     
SUNNMØRE MAT AS *
Rema 1000 Blindheim
124,9117,32,72,4
JONNY MORK AS *
Rema 1000 Ulsteinvik
124,6107,84,82,8
NORDVEST MAT AS
Rema 1000 Giske
121,0112,44,13,6
SØNSTERUDBRÅTEN AS
Rema 1000 Stryn
110,7104,02,71,9
HAVNEGJERDE DAGLIGVARER AS
Rema 1000 Langevåg
110,2103,41,01,3
ROBERT CONNOR AS
Rema 1000 Vestnes
100,896,91,31,4
BJØRLO HANDEL AS
Rema 1000 Moa
96,289,52,22,5
KARI S BJØRLO MAT AS
Rema 1000 Sandane
94,289,61,61,2
LI2 DIGERNES AS
Rema 1000 Digernes 
90,285,62,22,1
KVK DAGLIGVARE AS
Rema 1000 Ørsta 
88,082,01,71,4
BYRNE HANDEL AS
Rema 1000 Gåseid
78,275,60,91,4
     
SUM1139,01064,125,222,0
     

Publisert: 10.03.2025 05:00

Sist oppdatert: 10.03.2025 15:27

Mer om