Dei tre siste åra har Sparebanken Møre auka utlåna til næringslivet med åtte-ni prosent kvart år.
- Ein slik samanhengande vekst over fleire år må du tilbake til før finanskrisa (i 2006-2008, red. merk) for å finne maken til, seier Terje Krøvel, som er leiar for bedriftsmarknaden i Sparebanken Møre.
I 2017 auka bankens utlåna til næringslivet med 8,4 prosent, i 2018 med åtte prosent og i fjor med 9,8 prosent.
Tala viser netto utlånsvekst, altså nye utlån minus tilbakebetaling av lån.
Analysen slo til, og banken er framleis optimistisk på Nordvestlandets vegne.
- Vi ser framleis positivt på vår marknad. Aktiviteten er god for dei aller fleste næringar, seier Krøvel.
Krøvel utelukkar ikke at det blir naudsynt med nye forhandlingar om refinansiering av reiarlag, og nye grep for å få økonomien på fote.
- Vi ser at det kan vere selskap der ein må sjå på andre tiltak ennå berre skuve på avdraga, seier Krøvel og held fram sal av fartøy og ny eigenkapital som døme på moglege tiltak, og at bankane må være budd på å bli utfordra i høve til konvertering av gjeld til eigenkapital.
Alt svinga fiskarane sin veg etter at oljeprisen fall. Det blei billegare drivstoff, lettare å få tak i folk, gunstig valutakurs og stigande prisar.
Ved utløpet av tredje kvartal 2019 sto utlån til fiskeri for 5,3 prosent av Sparebanken Møre sine samla utlån. Av utlån til næringslivet var berre eigedomssektoren (11,5 prosent) større.
Gode tider for fiskarane har gitt ei omfattande fornying av flåten.
I år er ventar Krøvel at utlånsveksten til næringslivet blir noko redusert samanlikna med dei tre førre åra. Grunnen er at mange har gjort unna store investeringa i denne omgang, og at ein del større prosjektlån til eigedomssektoren blir betalt tilbake i år.
- Ein slik samanhengande vekst over fleire år må du tilbake til før finanskrisa (i 2006-2008, red. merk) for å finne maken til, seier Terje Krøvel, som er leiar for bedriftsmarknaden i Sparebanken Møre.
I 2017 auka bankens utlåna til næringslivet med 8,4 prosent, i 2018 med åtte prosent og i fjor med 9,8 prosent.
Tala viser netto utlånsvekst, altså nye utlån minus tilbakebetaling av lån.
Mykje ser bra ut
Etter oljeprisfallet i 2014 gjorde banken ein omfattande analyse og konkluderte med at næringslivet i Møre og Romsdal samla sett ville klare seg bra, trass i at oljeprisen ville råke nokre viktige næringar hardt.Analysen slo til, og banken er framleis optimistisk på Nordvestlandets vegne.
- Vi ser framleis positivt på vår marknad. Aktiviteten er god for dei aller fleste næringar, seier Krøvel.
Tøft for verft og offshore
Dei som har det tøffast er verft og offshorereiarlaga.Krøvel utelukkar ikke at det blir naudsynt med nye forhandlingar om refinansiering av reiarlag, og nye grep for å få økonomien på fote.
- Vi ser at det kan vere selskap der ein må sjå på andre tiltak ennå berre skuve på avdraga, seier Krøvel og held fram sal av fartøy og ny eigenkapital som døme på moglege tiltak, og at bankane må være budd på å bli utfordra i høve til konvertering av gjeld til eigenkapital.
Fantastisk for fisk
I den andre enden av skalaen er fiskarane.Alt svinga fiskarane sin veg etter at oljeprisen fall. Det blei billegare drivstoff, lettare å få tak i folk, gunstig valutakurs og stigande prisar.
Ved utløpet av tredje kvartal 2019 sto utlån til fiskeri for 5,3 prosent av Sparebanken Møre sine samla utlån. Av utlån til næringslivet var berre eigedomssektoren (11,5 prosent) større.
Gode tider for fiskarane har gitt ei omfattande fornying av flåten.
I år er ventar Krøvel at utlånsveksten til næringslivet blir noko redusert samanlikna med dei tre førre åra. Grunnen er at mange har gjort unna store investeringa i denne omgang, og at ein del større prosjektlån til eigedomssektoren blir betalt tilbake i år.
Publisert: 30.01.2020 07:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






