Torsdag startar tvistesaka mellom Loen Skylift og skattestyresmaktene i Sogn og Fjordane tingrett. Partane møtast for å avgjere om reiselivsattraksjonen får frådrag for momsutgifter dei har hatt i samband med å lage turvegar på toppen av fjellet Hoven.
Skattestyresmaktene har gjort vedtak på at dei ikkje får frådrag. Det vedtaket vil Loen Skylift ha kjent ugyldig.
– Det kan vere direkte øydeleggjande for forretningsmodellen vår. Utgangspunktet var at utbygginga i fjellheimen skulle skje ved hjelp av midlar frå bana, fortel dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift til NETT NO.
– Summane i dag er ikkje store, men dei vil bli større i åra som kjem. Om vi ikkje får medhald, vil det redusere kva vi kan investere av opplevingar i terrenget, og vere øydeleggjande for solid og god drift, held han fram.
Om vedtaket frå skattestyresmaktene blir ståande, meiner Grov det i praksis vil dreie seg om dobbel skatt, fordi drift av bana er under vanleg momsregime.
– Vi meiner det skatteetaten gjer i praksis, er å angripe satsinga som ligg i norske reiseliv. Det er uforståeleg for oss med tanke på dei politiske festtalane vi får høyre om verdien av denne næringa i framtida, seier Grov.
– Dette er det største vrøvlet og vasepratet eg har høyrt, og vi ønskjer å få ei prinsipiell avgjerd på dette. Drivkrafta bak satsinga har vore at vi skal ha skikkeleg kvalitet på tilbodet i fjellheimen, og det får vi til på dette viset, fortel han.
Staten påpeiker også i sitt sluttinnlegg til retten at skattestyresmaktene si halding har vore kjent for Loen Skylift, sidan 2015.
– Turvegnettet er bygd for å generere auka avgiftspliktig omsetning av billettar til pendelbana, samt utleige av lokalar på toppen, heiter det.
Difor meiner saksøkaren at vilkåret om at anskaffingane må være «til bruk i» i avgiftspliktig verksemd er oppfylt – og at reiselivsbedrifta såleis må få frådrag.
Skattestyresmaktene har gjort vedtak på at dei ikkje får frådrag. Det vedtaket vil Loen Skylift ha kjent ugyldig.
– Det kan vere direkte øydeleggjande for forretningsmodellen vår. Utgangspunktet var at utbygginga i fjellheimen skulle skje ved hjelp av midlar frå bana, fortel dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift til NETT NO.
Meir på spel enn dagens sum
Striden står i denne omgang om frådrag for inngåande meirverdiavgift på 735.145 kroner. Grov seier det på sikt er langt meir som står på spel - og at denne summen kun dreiar seg om investeringane fram til oppstarten i 2017.– Summane i dag er ikkje store, men dei vil bli større i åra som kjem. Om vi ikkje får medhald, vil det redusere kva vi kan investere av opplevingar i terrenget, og vere øydeleggjande for solid og god drift, held han fram.
Om vedtaket frå skattestyresmaktene blir ståande, meiner Grov det i praksis vil dreie seg om dobbel skatt, fordi drift av bana er under vanleg momsregime.
– Vi meiner det skatteetaten gjer i praksis, er å angripe satsinga som ligg i norske reiseliv. Det er uforståeleg for oss med tanke på dei politiske festtalane vi får høyre om verdien av denne næringa i framtida, seier Grov.
– Ikkje ei tilstrekkeleg tilknyting
Staten meiner det ikkje er tilstrekkeleg tilknyting mellom kostnadane til turstiar oppe på fjellet, og drifta av banen. Dei meiner at denne samanhengen berre er av «bedriftsøkonomisk art», ifølgje sluttinnlegget frå regjeringsadvokaten.– Dette er det største vrøvlet og vasepratet eg har høyrt, og vi ønskjer å få ei prinsipiell avgjerd på dette. Drivkrafta bak satsinga har vore at vi skal ha skikkeleg kvalitet på tilbodet i fjellheimen, og det får vi til på dette viset, fortel han.
Staten påpeiker også i sitt sluttinnlegg til retten at skattestyresmaktene si halding har vore kjent for Loen Skylift, sidan 2015.
Bygd for å gi avgiftspliktig omsetning
I sluttinnlegget frå Loen Skylift sin advokat blir det argumentert for at tilknytinga er meir enn av rein bedriftsøkonomisk art.– Turvegnettet er bygd for å generere auka avgiftspliktig omsetning av billettar til pendelbana, samt utleige av lokalar på toppen, heiter det.
Difor meiner saksøkaren at vilkåret om at anskaffingane må være «til bruk i» i avgiftspliktig verksemd er oppfylt – og at reiselivsbedrifta såleis må få frådrag.
Les også:
Dette er det største vrøvlet og vasepratet eg har høyrt, og vi ønskjer å få ei prinsipiell avgjerd på dette
Publisert: 29.01.2020 14:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






