Sunnmoering sikra Roekke milliardgevinst
RYDDEGUT: Frank Ove Reite har vorte karakterisert som Kjell Inge Røkke sin ryddegut. No har herøyværingen sikra Røkke milliardgevinst.
Nytt

Sunnmøring sikra Røkke milliardgevinst

- Ja, dette var kjekt, seier dagleg leiar Frank Ove Reite i Røkke-eigde Converto Capital Fund etter at selskapet har gjort ein gullkanta avtale om sal av det Stavanger-baserte oljeselskapet Stream.

10.12.2013
- Dette vart ei god historie frå start til slutt, legg Reite til.

Oslo og Ålesund

Converto Capital Fund er forvalta av Converto AS. Herøyværingen er no busett i Ålesund og styrer Converto delvis frå Ålesund og delvis frå Aker sitt hovedkontor på Aker Brygge.
- Vi er åtte tilsette i selskapet, likt fordelt mellom Ålesund og Oslo, seier Reite.

Amerikansk kjøpar

Converto AS er eigd av dei tilsette, med Reite som hovedaksjonær.
Salssummen for Stream er på 1,6 milliardar kroner inkludert gjeld. Kjøpar er det amerikanske børsnoterte selskapet MRC Global.
Det Stavanger-baserte private equity-selskapet Hitec Vision har eigd 57,6 prosent i Stream, medan Converto Capital har eigd 38,2 prosent av aksjane gjennom det felles eigde selskapet Bokn Invest.
Salet er ein del av ei opprydding av det tidlegare børsnoterte selskapet Bjørge, som vart tatt av børs etter at Convert Capital og Hitec Vison overtok selskapet i 2009. Selskapet vart så delt i tre, der den eine delen, Nexus, vart seld med stor gevinst for rundt eitt år sidan.

Har frigjort 1,2 milliardar

Den siste delen, Aligni, nærmar seg også ein salgsfase, ifølgje Reite.
- Converto Capital Fund er eit sjuårig private equity-selskap, og vi har no tre og eit halvt år igjen av den tida.
- Converto has så langt frigjort rundt 1,2 milliardar av investeringane i fondet, med ein attverande verdi på ca 1,8 milliardar kroner.
Så langt har investeringa i Bjørge frigjort rundt ein halv milliard kroner, slik at Røkke har fått ein solid gevinst gjennom dei siste handlane.
Litt dryp det også på han sjølv og selskapet Converto.
- Vi får nokre prosentar.

Stor vekst

Selskapet Stream har rundt 500 tilsette, der hovudbasen er i Stavanger, men der ein også har avdelingar i Bergen og Kristiansund.
Selskapet har spesialisert seg på levering av rør, ventilar, elektriske og instrumentelle installasjonar til selskap på norsk sokkel.
Selskapet har hatt stor vekst siste åra. Omsetninga i 2012 var på nærare to milliardar kroner, og resultatet før skatt på 84 millionar kroner.

Lukrativ "gamal moro"

I tillegg til opprydding rundt det tidlegare Bjørge-selskapet, er Reite engasjert for å rydde opp i det som tidlegare har vorte karakterisert som «gamal moro» i selskap som Aker Seafoods, Aker Floating Production, Bjørge og Aker Philadelphia Shipyard.
- Dei siste handlane viser vel at dette slett ikkje berre har vore dårlege investeringar, seier Reite.
Dette vart ei god historie frå start til slutt

Publisert: 10.12.2013 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30