SV vil auke skattane og avgiftene med 15 milliardar
SV vil auke formuesskatten med 13 milliardar kroner meir enn regjeringa neste år.
NPK-NTB/NETT NO: Totalt foreslår SV å auke skattar og avgifter med 15,2 milliardar kroner meir enn regjeringa neste år i det alternative statsbudsjettet sitt.
– Dei økonomiske ulikskapane i Noreg er store og har auka dei siste åra og tiåra. Det er særleg dei aller rikaste som tener endå meir og betaler endå mindre skatt enn vi lenge har trudd, skriv partiet i budsjettet.
I forslaget sitt går SV inn for å endre inntektsskatten og utbytteskatten. Dei som tener mindre enn 800.000 kroner, skal få mindre skatt neste år, medan dei som har ei inntekt på over 1 million vil få «betydelege» aukar i skatten.
Partiet vil halvere den ekstra arbeidgivaravgifta på løner over 850.000 kroner, og finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski, seier til Dagens Næringsliv at målet er å fjerne den ekstra arbeidsgivaravgifta heilt neste år.
Grunnrenteskatten på lakseoppdrett i sjøen skal derimot opp, frå 25 til 35 prosent, og botnfrådraget fro de mindre oppdrettarane skal bort.
Les SV sitt framlegget til statsbudsjett her
Budsjettforhandlingane startar neste veke.
Skattekutt til fleirtalet
– Åtte av ti får skattekutt med SVs skatteopplegg, sa finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski under framlegginga av budsjettet.
Partiet vil også auke formuesskatten og vil innføre det dei kallar ein ekstra høg skatt på formuar over 100 millionar kroner.
Dei auka skatteinntektene blir mellom anna brukte på tiltak for å bøte på dyrtida. Fleire velferdsytingar blir styrkte i budsjettforslaget.
Mellom anna blir minstesatsen auka for uføretrygda, minstesatsen for AAP-mottakarar, og minstepensjonen.
SV går også inn for auka studiestøtte, auka barnetrygd for barn over 6 år, gratis halvdagsplass på SFO for 3. trinn og meir pengar til tannhelse.
Dyrare drivstoff fortare
SV vil presse utsleppa ned neste år ved å auke CO2-avgifta 50 prosent. Partiet skjerpar klimapolitikken for å nå målet om 55 prosent utsleppskutt mot 2030.
– Vi har nesten ikkje tid igjen viss vi skal nå klimamåla. Vi må få sett i gang klimatiltaka som omstiller økonomien og kuttar klimagassutslepp. Derfor treng Noreg ein truverdig klimaplan, skriv partiet i det alternative budsjettet sitt som vart lagt fram torsdag.
Der går det fram at partiet allereie i 2024 vil auke CO2-avgifta med 50 prosent og styrkje satsinga for å redusere utsleppa. På norsk sokkel vil SV auke CO2-avgifta, fjerne oljeindustriens gunstige skattefordelar og innføre ei eiga utvinningsavgift som skal gå til ei omstilling av oljebransjen og gjere utvinning ulønnsam.
Partiet vil styrkje dei statlege investeringsordningane Nysnø med 20 milliardar kroner og Eksfin med 10 milliardar.
Vil ikkje foreslå auka bistand
SV vil ikkje lenger ha ansvaret for at regjeringa når bistandsmålet gjennom forhandlingar i Stortinget.
SV er den føretrekte budsjettpartnaren til regjeringa. Både i fjor og i år har regjeringa lagt fram eit budsjett som ikkje når målet om å bruke ein prosent av brutto nasjonalinntekt på bistand.
No vil ikkje SV lenger ta ansvar for å berge prosentmålet, melder Vårt Land.
– Regjeringa må sjølv gjere jobben med å leve opp til forpliktingane sine, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.
Ho meiner det ikkje kan vere opp til eit opposisjonsparti på Stortinget å sikre Noregs rolle i verda. FN-organisasjonar er blant dei som regjeringa vil kutte eller fryse støtta til.
Regjeringa har i Hurdalsplattforma sagt at ho skal bruke éin prosent av brutto nasjonalinntekt på bistand.
Publisert: 09.11.2023 10:23
Sist oppdatert: 09.11.2023 10:58