NTB M H2m XIN9s I 1 IKKJE BRUK
EKSPORT: Noreg eksporterte sjømat for 14,2 milliardar kroner i august. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Nytt

Svak krone gav vekst for sjømateksporten

Verdiauke på nær 15 prosent i august månad.

05.09.2023

NPK-NTB: Noreg eksporterte sjømat for 14,2 milliardar kroner i august. Dette er ein auke på 15 prosent, samanlikna med same månad i fjor.

I kroner svarer auken på 15 prosent til 1,8 milliardar, opplyser Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

Administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Christian Chramer, seier den svekte krona er hovudårsaka til auken i eksportverdien.

– I august var den norske krona heile 16 prosent svakare mot euro enn i same månad i fjor. Dette forklarer nesten heile verdiveksten, seier Chramer.

I august vart det eksportert sjømat til totalt 110 land, der Polen, USA og Danmark var dei tre største marknadene målt i verdi.

30. månaden på rad med verdivekst

Blant dei største eksportprodukta var det ein nedgang i volum for makrell, fersk og frosen laksefilet og frosen torsk i august, medan det var volumvekst for fersk heil laks og aure.

– Også i august passerte norsk laks ein total eksportverdi på over 10 milliardar kroner. Dette er den 30. månaden på rad med verdivekst, og det viser kva for ein sterk posisjon norsk laks har ute i marknadene, seier Chramer.

Noreg eksporterte 125.041 tonn laks til ein verdi av 10,7 milliardar kroner i august. Verdien auka med 1,7 milliardar kroner, eller 18 prosent, samanlikna med same månad i fjor.

Historisk sterk månad for kongekrabbe

Også kongekrabben gjorde det godt i august og har lagt bak seg ein historisk sterk verdimessig månad.

I august eksporterte Noreg 392 tonn kongekrabbe til ein verdi av 177 millionar kroner. Verdien auka med 74 millionar kroner, eller 73 prosent, samanlikna med august i fjor.

Det er ein vekst i volum på 101 prosent.

August er tradisjonelt den sterkaste månaden for eksport av kongekrabbe. Då er etterspurnaden etter levande kongekrabbe i Asia høg samtidig som den russiske sesongen på raud kongekrabbe ikkje har komme i gang enno.

Gode sommarmånader

Også sommaren har vore ein suksessperiode for sjømateksporten. I juni, juli og august var eksporten av sjømat på 41,3 milliardar kroner, ein verdivekst på 14 prosent.

Chramer seier sommaren har vore prega av at turismen i stor grad er tilbake til nivået før koronapandemien, spesielt i Europa. Han trekkjer fram Portugal som eit døme.

– Landet er Noregs største marknad for klippfisk av torsk, og her har utekonsumet i mai og juni teke seg opp samanlikna med i fjor. Det er godt nytt for norsk sjømateksport, då restaurantmarknaden er eit viktig og godt betalande marknad.

Publisert: 05.09.2023 08:12

Sist oppdatert: 05.09.2023 08:39

Mer om