Brødrene Sperre produksjon
VALUTAEFFEKT: Målt i euro og dollar gjekk verdien av sjømateksporten ned i mai, men valutakursutviklinga gjorde at eksportverdien auka målt i kroner. Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Svak krone redda norsk sjømateksport i mai

Valutagevinst på 1,5 milliardar kroner for sjømateksporten i mai.

05.06.2023

NPK-NTB: I mai eksporterte Noreg sjømat for 13,1 milliardar kroner. Det er ein auke på 816 millionar kroner, eller 7 prosent, samanlikna med same månad i fjor.

– Til liks med i april var det også i mai ein stor valutaeffekt. Den svake norske krona bidrog åleine med ein verdivekst på om lag 1,5 milliardar kroner førre månad. Utan denne valutautviklinga ville det ha vore ein nedgang i eksportverdien, seier administrerande direktør Christian Chramer Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

Verdifall mål i euro og dollar
Chramer skildrar marknadssituasjonen som meir krevjande. Målt i euro fall eksportverdien med 8 prosent i mai, medan den målt i dollar fall 5 prosent samanlikna med same månad i fjor.

- Til liks med i april var det også i mai ein stor valutaeffekt. Den svake norske krona bidrog åleine med ein verdivekst på om lag 1,5 milliardar kroner førre månad. Utan denne valutautviklinga ville det ha vore ein nedgang i eksportverdien
Administrerande direktør Christian Chramer Noregs sjømatråd

Så langt i år er det eksportert sjømat for 67,5 milliardar kroner. Det er ein vekst på 9,9 milliardar kroner samanlikna med same periode i fjor.

USA hadde størst verdivekst
Alt i alt vart det eksportert sjømat til 115 land, altså to land færre enn i mai i fjor. Dei største marknadene for norsk sjømateksport var USA, Danmark og Polen.

Det var amerikanarane som hadde størst verdivekst denne månaden med ein auke i eksportverdi på 251 millionar kroner.

I mange marknader fell den totale inflasjonen, og matvareinflasjonen er framleis høg i Europa.

– Den økonomiske utviklinga i mange av dei viktige nærmarknadene våre i Europa er svake, og i eurosona er det venta ein svakare økonomisk vekst enn i både USA og våre største marknader i Asia, seier Chramer.

Endra vanar
Også hushald justerte handlevanane sine i mai. Noregs sjømatråd såg at folk hadde ein tendens til å velje billige produkt og handle fleire matvarer på tilbod. Dei handla også mindre kjøtt og fisk.

– Dei siste månadene har det vore eit fall i heimekonsumet av laks, torsk og sjømat totalt i alle store europeiske sjømatmarknader, seier Chramer.

Fleire vil ha laks, færre vil ha torsk
– I 2022 var mai månad prega av full nedstenging i Shanghai og generelt mykje uvisse i marknaden rundt koronapandemien. Sidan årsskiftet har gjenopninga i Kina skapt ein sterk etterspurnad etter laks, som har halde fram, seier Andreas Thorud, Noregs sjømatråds utsending til Kina.

Eksportvolumet til Kina enda på 3297 tonn, noko som er 86 prosent høgare enn same månad i fjor. Samtidig såg ein også ein nedgang i eksport av fersk torsk.

Noreg eksporterte 4277 tonn fersk torsk til ein verdi av 246 millionar kroner i mai. Nedgangen i landingar av fersk torsk heldt også fram i mai. Sjølv med auka eksport av oppdrettstorsk, gav dette ein nedgang i totaleksporten av fersk torsk.

Publisert: 05.06.2023 09:01

Sist oppdatert: 05.06.2023 09:01