Ricco Vero auka i 2014 salet med 10 millionar kroner og sette ny rekord då dei passerte 100 millionar kroner i omsetning. I fjor fall dei noko tilbake og fekk ei omsetning på 98 millionar kroner (sjå tabell).
Dei kom seg heller ikkje i år unna valutaeffekten og der svak kronekurs svingar feil veg for importbedriftene. Dette råka også klesprodusenten i 2014.
Designarbeidet blir gjort i Norge, mens syinga skjer i utlandet, og valutakursendringa gjer at kostnadane har stige. Den kostnadsauken greidde ikkje Ricco Vero å kompensere for hverken i fjor eller forfjor, og det er ei viktig årsak til at lønsemda har blitt svakare.
- Så langt i 2015 har det heller ikkje vore rom for større prisjusteringar, uttalte dagleg leiar Svein Ove Beheim i Ricco Vero til NETT NO i fjor sommar.
Selskapet sel både herre- og damekolleksjon av konfeksjon, fritidsklede, sko og tilbehør. 70 prosent av kleda blir produsert i Europa.
I 2014 hadde Ricco Vero planlagt å opne ein Riccovero-butikk i Stavanger, men dei la same år planane på is på ubestemt tid.
- Vi ligg litt på veret på grunn av oljeprisutviklinga, sa storaksjonær og styreleiar Finn Einar Kvamme til NETT NO i januar 2015.
To av Riccovero-butikkane flytta til nye lokale i 2014 og dei ekstra kostnadane knytt til flytting er årsak til nedgangen i lønsemda for butikkselskapet i 2014.
Les også:
Finn Einar etablerte Riccovero i 1986 og introduserte då fasjonable dressar på den norske marknaden. I 1999 opna Riccovero sin første concept store i Hegdehaugsveien, Oslo. Damekolleksjon vart introdusert for første gong i 2002.
Dei kom seg heller ikkje i år unna valutaeffekten og der svak kronekurs svingar feil veg for importbedriftene. Dette råka også klesprodusenten i 2014.
Designarbeidet blir gjort i Norge, mens syinga skjer i utlandet, og valutakursendringa gjer at kostnadane har stige. Den kostnadsauken greidde ikkje Ricco Vero å kompensere for hverken i fjor eller forfjor, og det er ei viktig årsak til at lønsemda har blitt svakare.
Tøff konkurranse
Grunnen er dels at kolleksjonane vart seld inn så tidleg at salet kom før valutakursane hadde endra seg mykje, dels at konkurransesituasjonen gjorde det uråd med stor prisauke.- Så langt i 2015 har det heller ikkje vore rom for større prisjusteringar, uttalte dagleg leiar Svein Ove Beheim i Ricco Vero til NETT NO i fjor sommar.
Selskapet sel både herre- og damekolleksjon av konfeksjon, fritidsklede, sko og tilbehør. 70 prosent av kleda blir produsert i Europa.
Utsette butikkopning
Styret skriv i årsmeldinga for 2015 at dei har budsjettert med ein liten omsetningsauke i 2016. Innsalet av både vår- og haustkolleksjonen er gjennomført og var i tråd med budsjettet.I 2014 hadde Ricco Vero planlagt å opne ein Riccovero-butikk i Stavanger, men dei la same år planane på is på ubestemt tid.
- Vi ligg litt på veret på grunn av oljeprisutviklinga, sa storaksjonær og styreleiar Finn Einar Kvamme til NETT NO i januar 2015.
Butikkselskapet Ricco Vero Detalj
Ricco Vero eig også butikkselskapet Ricco Vero Detalj. I dag eig Ricco Vero seks concept stores og tre outlet butikkar i Norge. I tillegg til hovedkontoret i Olden har Riccovero design-showroom i Oslo. Dessutan leverer bedrifta til om lag 100 butikkar som sel herrekle, og til like mange som sel damekle.To av Riccovero-butikkane flytta til nye lokale i 2014 og dei ekstra kostnadane knytt til flytting er årsak til nedgangen i lønsemda for butikkselskapet i 2014.
Les også:
Historikk
Starten var at Einar Kvamme etablerte skredderpraksis i 1936. Sonen Jan overtok konfeksjonsbedrifta og utvikla den i 70-åra.Finn Einar etablerte Riccovero i 1986 og introduserte då fasjonable dressar på den norske marknaden. I 1999 opna Riccovero sin første concept store i Hegdehaugsveien, Oslo. Damekolleksjon vart introdusert for første gong i 2002.
Det er budsjettert med ein liten omsetningsauke i 2016
Publisert: 30.07.2016 06:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58