- Vi har gjort mykje, men vi må verte endå meir effektive, seier Kleven-direktør Ståle Rasmussen.
Kleven hanka inn halvparten av alle norske nybyggingskontraktar i 2014. Total ordrereserve kom opp i 12 milliardar kroner. Likevel seier Rasmussen at året ikkje vart så godt økonomisk.
- Tala er ikkje heilt klare enno, men det er klart at vi har eit dårlegare økonomisk resultat i 2014 enn i 2013.
I 2013 omsette Kleven for 4,2 milliardar kroner og hadde eit resultat før skatt på 168 millionar kroner. Året før var omsetninga på 2,8 milliardar, men likevel tente konsernet då meir pengar. Resultatet før skatt enda i 2012 på 258 millionar kroner.
- Det er ikkje alltid slik at auka omsetning gir auka lønsemd, seier Rasmussen.
- Offshorenæringa opplever ruskever, og vi ventar ikkje med kontrahering av mange nye skip her.
Derimot ventar han meir aktivitet innanfor fiskeri- og brønnbåtmarknaden, spesielt med bygging av nye fiskebåtar ti utanlandske reiarar.
- Vi reknar på fleire slike oppdrag no, og vi håpar å lande kontraktar her snart.
Rasmussen seier at desse to prosjekta har ført til stor interesse frå fleire aktørar om å byggje fleire yachtar.
- Ja, her kan vi kome til å lande nye kontraktar, men vi vil nok satse på litt robuste yachtar, mellom anna til ekspedisjonar, og ikkje yachtar i det øverste luksussegmentet.
- Roman Abramovich vil nok ikkje byggje hos Kleven, for å seie det slik, seier Rasmussen.
- Vi har siste åra totalt satsa 400 millionar kroner på å oppgradere verfta i Gursken og Ulstein, fordelt på 150 millionar kroner på Myklebust Verft og 250 millionar kroner på Kleven.
- Dette har vi kunna gjort fordi selskapet har brukt overskotet frå gode år til å investere i anlegga.
Medan Kleven-verftet i Ulstein har spesialisert seg på bygging av ferdige skip, mellomanna ved bruk modulbygging og robotisering, skal Myklebust Verft satse på utrustningsoppdrag i tillegg til større reparasjons- og ombyggingsoppdrag.
- Vi meiner dette er ei god fordeling mellom verfta.
Myklebust Verft har 160 eigne tilsette, medan Kleven i Ulstein har 350 eigne tilsette.
Rasmussen ser ikkje vekk frå at talet kan verte redusert.
- Dette kan vi ikkje sjå vekk frå, men no arbeider vi hardt for å skaffe nye oppdrag. Sjølv om vi framleis har mange kontraktar, har vi behov for meir frå hausten av.
- Men det kan nok uansett gå ei tid før det på nytt vert 1.000 arbeidarar på Myklebust Verft. Kanskje vi heller ikkje skal ha det, seier Rasmussen.
- Fallet i kronekursen har ført til at det ikkje lenger er så attrakivt å byggje i utlandet. Mellom anna er gevinsten ved å byggje i Tyrkia så å seie vekke.
- Difor merkar vi no fornya interesse for å byggje hos oss. Det gjeld norske reiarar, men i minst like stor grad utanlandske aktørar.
Kleven hanka inn halvparten av alle norske nybyggingskontraktar i 2014. Total ordrereserve kom opp i 12 milliardar kroner. Likevel seier Rasmussen at året ikkje vart så godt økonomisk.
- Tala er ikkje heilt klare enno, men det er klart at vi har eit dårlegare økonomisk resultat i 2014 enn i 2013.
I 2013 omsette Kleven for 4,2 milliardar kroner og hadde eit resultat før skatt på 168 millionar kroner. Året før var omsetninga på 2,8 milliardar, men likevel tente konsernet då meir pengar. Resultatet før skatt enda i 2012 på 258 millionar kroner.
- Det er ikkje alltid slik at auka omsetning gir auka lønsemd, seier Rasmussen.
Reknar på fiskebåt-kontraktar
Han spår tøffare tider framover, spesielt innanfor bygging av nye offshorefartøy.- Offshorenæringa opplever ruskever, og vi ventar ikkje med kontrahering av mange nye skip her.
Derimot ventar han meir aktivitet innanfor fiskeri- og brønnbåtmarknaden, spesielt med bygging av nye fiskebåtar ti utanlandske reiarar.
- Vi reknar på fleire slike oppdrag no, og vi håpar å lande kontraktar her snart.
Stor yacht-interesse
Kleven har også under bygging to store luksusskip til milliardær Graeme Hart på New Zealand, den første 107 meter lang – den andre 116 meter.Rasmussen seier at desse to prosjekta har ført til stor interesse frå fleire aktørar om å byggje fleire yachtar.
- Ja, her kan vi kome til å lande nye kontraktar, men vi vil nok satse på litt robuste yachtar, mellom anna til ekspedisjonar, og ikkje yachtar i det øverste luksussegmentet.
- Roman Abramovich vil nok ikkje byggje hos Kleven, for å seie det slik, seier Rasmussen.
Har investert 400 millionar kroner
Sjølv om det vert tøffare tider framover, meiner Rasmussen at Kleven-verfta i Gursken og Ulsteinvik et godt rusta for framtida.- Vi har siste åra totalt satsa 400 millionar kroner på å oppgradere verfta i Gursken og Ulstein, fordelt på 150 millionar kroner på Myklebust Verft og 250 millionar kroner på Kleven.
- Dette har vi kunna gjort fordi selskapet har brukt overskotet frå gode år til å investere i anlegga.
Medan Kleven-verftet i Ulstein har spesialisert seg på bygging av ferdige skip, mellomanna ved bruk modulbygging og robotisering, skal Myklebust Verft satse på utrustningsoppdrag i tillegg til større reparasjons- og ombyggingsoppdrag.
- Vi meiner dette er ei god fordeling mellom verfta.
2.200 arbeidarar
På meste har det vore 2.200 arbeidarar innom portane på dei to verfta, knappe tusen i Gursken og vel 1.200 i Ulstein.Myklebust Verft har 160 eigne tilsette, medan Kleven i Ulstein har 350 eigne tilsette.
Rasmussen ser ikkje vekk frå at talet kan verte redusert.
- Dette kan vi ikkje sjå vekk frå, men no arbeider vi hardt for å skaffe nye oppdrag. Sjølv om vi framleis har mange kontraktar, har vi behov for meir frå hausten av.
- Men det kan nok uansett gå ei tid før det på nytt vert 1.000 arbeidarar på Myklebust Verft. Kanskje vi heller ikkje skal ha det, seier Rasmussen.
Tyrkia-gevinsten vekke
Han karakteriserer farvatnet som ruskete, men ser også lysglimt.- Fallet i kronekursen har ført til at det ikkje lenger er så attrakivt å byggje i utlandet. Mellom anna er gevinsten ved å byggje i Tyrkia så å seie vekke.
- Difor merkar vi no fornya interesse for å byggje hos oss. Det gjeld norske reiarar, men i minst like stor grad utanlandske aktørar.
Roman Abramovich vil nok ikkje byggje hos Kleven
Publisert: 20.03.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42