Sperre ny
RESULTATHOPP: God inntening ved Sperre Industri på Ellingsøya. Foto: Sperre Industri
Nytt

Svakare sal - betre resultat

Sperre Industri på Ellingsøya merka koronaproblema, men innteninga vart likevel forbetra.

23.06.2021

Sperre Industri er eigd av Sperre Compressors, som frå mai i fjor har vore 94 prosent eigd av to fond forvalta av Norvestor Equity.

Ellingsøy-selskapet omsette i fjor for 357,3 millionar kroner, litt ned frå året før (sjå tabell).

Derimot auka resultatet før skatt frå 77,5 millionar til 89,2 millionar kroner.

Sperre Industri
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 357,3 361,8
Driftsresultat 88,3 74,4
Resultat før skatt 89,2 77,5

Fleire kvinner
I årsmeldinga vert det vist til at koronautfordringane har ført til lavare eksport til enkelte marknader, men leiinga er godt fornøgd med at ein nesten har klart å halde oppe omsetjinga, og i tillegg auke innteninga.

Sperre Industri har 80 tilsette i Norge, i tillegg til to ved salskontor i Kina og ein ved salskontor i korea.

Leiinga opplyser at ein har arbeidd med å auke kvinneandelen i alle deler av konsernet, og har no to kvinner i leiinga, to i styret og 16 i andre avdelingar.

Sperre Industri har omlag 20 prosent av verdsmarknaden for startluftkompressorar til den maritime marknaden, og jobbar også for å vinne innpass på land, mellom anna i kraftproduksjon.

I konsernet inngår også Sperre Sveis. Dette selskapet omsette i fjor for 14,5 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på minus 0,4 millionar. Sperre Sveis har sju tilsette.

Publisert: 23.06.2021 11:30

Sist oppdatert: 23.06.2021 17:03

Mer om