Svensk kontrakt til Ellingsoey selskap
KONTRAKT: To kjemikalietankskip til Donsö Shipping får sjøvasskjøling frå Ellingsøya.
Nytt

Svensk kontrakt til Ellingsøy-selskap

Hydroniq Coolers skal levere sjøvasskjøling til to svenske kjemikalietankarar.

03.09.2019
Dei to skipa til Donsö Shipping skal byggjast ved WuhuShipyard Co. Ltd. i Kina og skal leverast i 2021.
– Kjøleprinsippet til «Rack»-systemet vårt sikrar trygg, kontinuerleg og vedlikehaldsvenleg kjøling av utstyret om bord i båten på ein svært energieffektiv måte.
- Lavt vedlikehaldsbehov fører til lavare driftskostnader for Donsö Shipping, seier Håvard Tveitane, salssjef i Hydroniq Coolers, i ei pressemelding.

Skrogintegrert

Hydroniq Coolers skal levere begge «Rack» sjøvasskjølesystema i løpet av 2020.
Selskapet har ikkje oppgitt verdien på kontrakten.
I pressemeldinga vert det vist til at det unike med «Rack»-systemet for sjøvasskjøling er at det er integrert i skroget under fartøyet sitt hovedmaskinrom.
Systemet er utforma for å auke tida mellom kvar reingjering og redusere tidsbruken når reingjering er nødvendig.

Klargjorde for batteri

Skipet treng heller ikkje å dokkast for vedlikehald og reingjering ettersom kjølarane kan trekkast ut frå under maskinrommet, også når ein er til sjøs.
Dei to 167,7-meter lange fartøya skal ha isklasse 1A, vere LNG-drivne, ha landforbindelse for hamnedrift og vert klargjorde for batteripakke på 1 000 kilowatt per time.
Skipa vil ha ei dødvekt på 22 000 metriske tonn og ha ein lastekapasitet på 28 000 kubikkmeter.

Publisert: 03.09.2019 14:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39