NTB Qh Lzyq S9 YM8
LEITESTOPP: SV-leiar Audun Lysbakke etter ein pressekonferanse i vandrehallen på Stortinget om statsbudsjettet 2023. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Nytt

SVs oljesiger vekkjer bekymring på begge sider

Ikkje uventa kjem det motstridande reaksjonar på at 26. konsesjonsrunde blir utsett ut denne stortingsperioden.

30.11.2022

NPK-NTB – Anna Nesje: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier det var forståing for ei utsetjing av 26. konsesjonsrunde ved førre korsveg, men at denne utsetjinga sender eit uheldig signal.

– LO har eit kongressvedtak som seier at vi skal utvikle, ikkje avvikle petroleumsnæringa. Noreg skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av energi til Europa, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Også Frp er bekymra over eksporten kritisk av viktig energi til Europa.

Fest i Moskva
– I kveld er det fest i Moskva. Putins regime er dei einaste som tener på at regjeringa og SV no strammar inn i leitinga etter olje og gass. Regjeringa kan umogleg ha lært noko som helst av den alvorlege tryggingssituasjonen vi står opp i som følgje av energipolitikken som er ført i Europa, seier energipolitisk talsperson Terje Halleland.

Offshore Norge er bekymra for manglande leiteareal.

– Næringa treng føreseielegheit gjennom rammevilkår og tildeling av areal som kan sikre sysselsetjing i Noreg og levere påliteleg energi til Europa, seier administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim.

Ho ber Stortinget sørgje for at rammevilkåra ikkje svekkjer konkurransekrafta, men bidreg til aktivitet, lønnsam produksjon og verdiskaping.

– Produksjonen på norsk sokkel vil reduserast mykje framover, derfor er det behov for å leite etter olje og gass for å hindre ein for bratt nedgang. Då er det viktig at det blir gjort tilgjengeleg attraktivt areal, påpeikar ho.

– Ikkje nok
I tillegg blir årets vidareført avgrensing på leiting i iskantsona, og det er semje om at regjeringa skal vurdere å innføre petroleumsfrie område.

– Vi får til meir kraftfull klimapolitikk og set bremsene på for leiting etter nye oljefelt i denne stortingsperioden, og vi får verna sårbare område, seier SV-leiar Audun Lysbakken om semja mellom SV og regjeringspartia.

Miljørørsla gir SV honnør for jobben – men meiner budsjettet ikkje går langt nok.

– SV skal ha honnør for å ha kjempa med nebb og klør for å forbetre eit oljesvart budsjett. Men det er skuffande at regjeringa ikkje har gått lenger for å møte åtvaringane frå klimaforskarar og krava frå SV. Europa skrik etter energiomstilling, men regjeringa tviheld på å bruke dei store pengane og dyktige arbeidarar på meir oljeleiting, seier Greenpeace-leiar Frode Pleym.

Han får støtte frå Natur og Ungdom, som også er skuffa over heilskapen.

– Ingen grøn retning
– Utsetjinga av 26. konsesjonsrunde ut perioden og SVs andre gjennomslag er steg i rett retning. Vi er likevel skuffa over at dei ikkje kom lenger. Mesteparten av olja og gassen er framleis tilgjengeleg gjennom TFO-ordninga, og seinast i dag understreka IEA endå ein gong at det ikkje er rom for meir oljeleiting om vi skal halde 1,5-gradersmålet i live, seier Natur og Ungdom-nestleiar Simon Balsnes.

Verdsnaturfondet (WWF) trekkjer fram mange gode grep i budsjettet, som styrkinga av Enova på 900 millionar kroner, og dessutan klimasatsordninga for kommunane på 100 millionar kroner. Dei meiner SV hjelpte regjeringspartia å halde sine eigne løfte.

– Ap og Sp leverte eit utruleg svakt budsjett på både natur, klima og bistand, og gløymde tilsynelatande at natur og klima skulle vere ramma for all politikk, seier WWF-generalsekretær Karoline Andaur.

MDG er heller ikkje særleg tilfreds med budsjettsemja.

– Sjølv om det er bra at 26. konsesjonsrunde blir utsett ut stortingsperioden, så er statsministeren tydeleg på at det framleis er full fart for meir oljeleiting. Det er ikkje ei ny grøn retning, seier den finanspolitiske talsperson for partiet Lan Marie Berg.

Publisert: 30.11.2022 10:20

Sist oppdatert: 30.11.2022 10:31