Odd Jostein Drotninghaug Åsne Helen Folstad foto Ogne
HEIMEKONTOR: Alle som kan må arbeide frå heimekontor i Sykkylven i alle fall fram til og med 11. april. Til venstre leiar for Sykkylven Næringsutvikling, Åsne Folstad til høgre ordførar Odd Jostein Drotninghaug. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sykkylven innfører strenge koronarestriksjonar

Innfører skjenkestopp og arrangementsforbod.

23.03.2021

NPK-NTB: Sykkylven gjer som Ålesund, Sula og Giske og innfører strenge koronarestriksjonar, med mellom anna skjenkjeforbod og forbod mot arrangement.

Ei ny forskrift vart vedteken av kriseleiinga til kommunen måndag, opplyser kommunen. Ho gjeld frå midnatt til 11. april.

Laurdag vedtok Ålesund, Sula og Giske den same forskrifta.

I tillegg til skjenkestopp og arrangementsforbod blir det ikkje tillate å organisere innandørs idrettsaktivitet og fritidsaktivitetar, som kor og teater, for personar over 20 år. Kommunen gir påbod om heimekontor så langt det lèt seg gjere.

Det blir innført munnbindplikt i offentlege lokale. Det gjeld òg i taxi og i kollektivtrafikken.

I tillegg blir desse aktivitetane stengde: Treningssenter, symjehallar og liknande, museum, kino, teater, konsertstader og andre offentlege underhaldningsverksemder.

Publisert: 23.03.2021 07:47

Sist oppdatert: 27.10.2021 15:50

Mer om