Nytt
Sykla inn ein million
Robin Halsebakks Noreg på langs-tur gav ein million til Kreftforeninga. I går kombinerte han gåveoverrekking og skipsdåp.
24.09.2017
Kreftforeninga fekk gåvesjekken i samband med dåpen av Sølvtrans sin nye brønnbåt "Ronja Diamond" under sykkel-VM i Bergen i går.
Båten er bygd på Klevenverftet Myklebust Verft og ei søsterskipet til "Ronja Ocean".
Fartøyet har ein brønnkapasitet på heile 3200 kubikkmeter, og kan frakte om lag 500 tonn, tilsvarande rundt 150 000 levande fisk. I tillegg til transport av levande fisk, er båten spesielt rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lakselus. Dei første månadane skal Ronia Diamond operere i Noreg, før den skal inn i ein langtidskontrakt med Cermaq i Chile, i følgje ei pressemelding.
Robin Halsebakk, som arbeider i Sølvtrans og er som av administrerande direktør Roger Halsebakk sykla i sommar Noreg på langs og kombinere det med ein innsamlingsaksjon, der forretningsforbindelsar og kundar blei engasjet undervegs.

Publisert: 24.09.2017 13:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14