Nytt
Såg ikkje kor ille det var i Mørelaft
Punktum for Mørelaft-konkursen.
08.04.2020
- Med endringane som er gjort på eigarsida og kapitalutvidinga så er Mørelaft rigga for ny vekst, sa dagleg leiar Joar Ekornes til NETT NO i juli 2019 etter at fleire medlemar i Ekornesfamilien og andre investorar frå Sykkylven gjekk inn i med seks millionar kroner i ny eigenkapital i hyttebyggingselskapet.
Det viste seg å ikkje vere nok. I november i 2019 melde selskapet oppbod, med 28,7 millionar kroner i gjeld. Underskotet i 2019, før selskapet melde oppbod, var på 11 millionar kroner.
"De fleste indikatorer peker på at selskapet reelt sett var insolvent ultimo 2018. Imidlertid konkluderer det med at styrets bestrebelser på å få økonomisk oversikt samt faktisk tilførsel av likviditetslån og egenkapital underbygger at styret ikke hadde grunnlag for å forstå hvor kritisk selskapets situasjon var. Følgelig ivaretok styret sin handleplikt ut fra dets vurdering om at insolvens ikke inntraff før ettersommeren/høsten 2019," heiter det i burevisor-rapporten.
Burevisor peikar og på årsreknskapen for 2018, som var klar først 3. juli 2019, ikkje gav god nok informasjon om situasjonen i Mørelaft. Då reknskapen var klart var situasjonen i selskapet kritisk, og det burde kome fram i reknskapen og revisors beretning, meiner burevisor.
Sluttrapporten konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å kreve konkurskarantene for nokon involverte i Mørelaft og heller ikkje at det er gjort straffbare disposisjonar før konkursen.
Det er heller ikkje gjort omstøytleg disposisjonar før konkursen, med eitt unntak, etter bustyrar si vurdering.
Entreprenørselskapet Klokkehaug Maskin fekk 31. oktober 2019 utbetalt ein halv millioner kroner frå Mørelaft, tre veker før konkursopning. Det er bustyraren "svært kritisk til" fordi det etter hans meining representerte ei særbehandling av ein av kreditorane.
Både Klokkehaug Maskin, Karl Ekornes (styreleiar ved konkursopning) og Joar Ekornes (dagleg leiar ved konkursopning) har avvist at det er grunnlag for omstøyting av utbetalinga til Klokkehaug Maskin, eller at den utløyser erstatningsansvar, i følgje sluttrapporten. Dei viser mellom anna til at utgangspunktet for utbetalinga var at det var naudsynt å fullføre arbeid for å kunne ferdigstille ei hytte på Bjorli.
I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.
Det viste seg å ikkje vere nok. I november i 2019 melde selskapet oppbod, med 28,7 millionar kroner i gjeld. Underskotet i 2019, før selskapet melde oppbod, var på 11 millionar kroner.
Insolvent i 2018
I sluttrapporten frå bustyrar Erling Flisnes siterer han burevisor, som meiner selskapet reelt sett var insolvent (kunne ikkje gjere opp for seg og hadde tapt eigenkapitalen) alt i 2018. Likevel får ikkje styret kritikk for å ha venta for lenge med å melde oppbod:"De fleste indikatorer peker på at selskapet reelt sett var insolvent ultimo 2018. Imidlertid konkluderer det med at styrets bestrebelser på å få økonomisk oversikt samt faktisk tilførsel av likviditetslån og egenkapital underbygger at styret ikke hadde grunnlag for å forstå hvor kritisk selskapets situasjon var. Følgelig ivaretok styret sin handleplikt ut fra dets vurdering om at insolvens ikke inntraff før ettersommeren/høsten 2019," heiter det i burevisor-rapporten.
Burevisor peikar og på årsreknskapen for 2018, som var klar først 3. juli 2019, ikkje gav god nok informasjon om situasjonen i Mørelaft. Då reknskapen var klart var situasjonen i selskapet kritisk, og det burde kome fram i reknskapen og revisors beretning, meiner burevisor.
Avsluttar bubehandling
Bubehandlinga er avslutta fordi det ikkje er midlar i buet til å vidareføre bubehandlinga.Sluttrapporten konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å kreve konkurskarantene for nokon involverte i Mørelaft og heller ikkje at det er gjort straffbare disposisjonar før konkursen.
Det er heller ikkje gjort omstøytleg disposisjonar før konkursen, med eitt unntak, etter bustyrar si vurdering.
Entreprenørselskapet Klokkehaug Maskin fekk 31. oktober 2019 utbetalt ein halv millioner kroner frå Mørelaft, tre veker før konkursopning. Det er bustyraren "svært kritisk til" fordi det etter hans meining representerte ei særbehandling av ein av kreditorane.
Både Klokkehaug Maskin, Karl Ekornes (styreleiar ved konkursopning) og Joar Ekornes (dagleg leiar ved konkursopning) har avvist at det er grunnlag for omstøyting av utbetalinga til Klokkehaug Maskin, eller at den utløyser erstatningsansvar, i følgje sluttrapporten. Dei viser mellom anna til at utgangspunktet for utbetalinga var at det var naudsynt å fullføre arbeid for å kunne ferdigstille ei hytte på Bjorli.
I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.
Publisert: 08.04.2020 12:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55