Samferdselsminister Jon Ivar Nygård Foto Fredrik Hagen NTB NPK
MØREAKSEN IKKJE SIKKER: -Det å vere nemnd i NTP ikkje er ein garanti for gjennomføring uavhengig av mellom anna kostnadsutvikling i prosjektet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Nytt

Sår tvil om fjordkryssingar

Ingen garanti for Møreaksen og Hordfast, seier samferdselsministeren.

NPK
30.03.2022

NPK: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) sår ny tvil om Hordfast og Møreaksen. – Det er ingen garanti for gjennomføring av vegprosjekt at dei er nemnde i Nasjonal transportplan (NTP), seier han.

– Sjølv om to fjordkryssingsprosjekt på E39 er prioriterte i NTP, går det vidare klart fram av meldinga at i vidare utvikling av transportkorridoren må fjordkryssingar, utbetring av vegane mellom fjordane og dessutan i og rundt byområda vegast mot kvarandre, poengterer ministeren i eit skriftleg spørsmål i Stortinget.

Hordfast inneber kryssing av Bjørnafjorden mellom Stord og Os i Vestland og er det eine fjordkryssingsprosjektet han viser til. Det andre er Møreaksen, kryssinga av Romsdalsfjorden mellom Ålesund og Molde.

Ikkje ein garanti
– Det ligg i NTP at det skal arbeidast vidare med prosjekta med sikte på auka nytte og reduserte kostnader, og at det å vere nemnd i NTP ikkje er ein garanti for gjennomføring uavhengig av mellom anna kostnadsutvikling i prosjektet, legg Nygård til.

Samferdselsministerens utgreiing er svar på eit spørsmål frå stortingsrepresentant Kim Thoresen-Vestre (SV) frå Møre og Romsdal. Thoresen-Vestre lurte på kvifor statsråden vel å prioritere «miljøfiendtlege motorvegar som ferjefri E39 framfor gode bruksvegar og livsviktig rassikring».

Nedprioriterte fylkesvegar
Samferdselsministeren meiner fylkesvegar og rassikring har vore nedprioritert av den avgåtte Solberg-regjeringa.

Han trekkjer fram at Hurdalsplattforma til den nye regjeringa legg opp til ein forpliktande plan for opprusting av fylkesvegane og ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor.

Publisert: 30.03.2022 16:27

Sist oppdatert: 30.03.2022 16:33