Fiskebåt, interesseorganisasjonen til eigarane av den havgåande fiskeflåten, melde seg ut av Norges Fiskarlag under landsmøtet i paraplyorganisasjonen Norges Fiskarlag i fjor haust.
Fiskebåt melde seg ut utan å ha nye alliansepartnarar klare, men det hastar det med å få på plass sa styreleiar Christian Halstensen i si innleiing på dag to av Fiskebåt sitt årsmøte i Oslo i dag.
Årsaka til utmeldinga var at Fiskebåt ikkje fekk Nord Fiskarlag med på ei tredeling av makta i Norges Fiskarlag og også med på å legge striden om fordeling av fiskekvotar mellom ulike grupper fiskarar død. Medlemskapen blir formelt avslutta ved neste landsmøte i Norges Fiskarlag, hausten 2027.
Sonderer
Det pågår framleis sonderingar om vegen vidare for Norges Fiskarlag, mellom anna med Sør-Norges Fiskarlag, som er den tredje organisasjonen under Norges Fiskarlag-paraplyen.
Men samstundes la Halstensen i si orientering til årsmøtet i Fiskebåt i dag vekt på at Fiskebåt ikkje må la det hindre at Fiskebåt samstundes utviklar sin organisajsone og byggjer nye alliansar.
Han peika mellom anna på NHO-systemet som eit døme.
– Vi skal og begynne å jobbe tidleg og ganske raskt med å bygge dei alliansane. som vi skal bygge. Vi er veldig avhengige av – og det blir enda viktigare framover – at vi samarbeidar veldig godt, ikkje berre med fiskarane som er i næringa i lag med oss, men og i lag med dei organisasjonssystema som våre utvalsarbeid har peikt på, sa Halstensen.
Les også
Publisert: 11.02.2026 12:16
Sist oppdatert: 11.02.2026 12:16






