Sitwell i Stordal har spesialisert seg på møblar til aldersgruppa godt vaksne.
Eit viktig poeng er at det skal vere lett å sette seg ned, og lett å reise seg opp att frå ein Sitwell-stol eller -sofa.
Hoff, som sjølv har passert 50, vedgår at kundemassen har gått gjennom ei kraftig endring. Eldre folk er ikkje som før.
Ei utfordring, vedgår Hoff.
Sitwell har gjort store endringar i korleis møblane ser ut.
- Eg kan ikkje sjølv tenkje meg dei møblane vi laga for ti år sidan, seier Hoff.
Sitwell braut ut av salsamarbeidet i salselskapet Furnia, droppa planane om å flytte produksjonen til Hjellegjerde-bygget i Sykkylven, gjennomførte ei kapitalutviding på to millionar kroner og fekk delvis nye eigarar.
No er målet å drive i balanse i 2014, og kome på pluss-sida igjen i 2015.
Utan den kapitalutvidinga tvilar Geir Hoff på at Sitwell kunne blitt verande i Stordal. Då hadde Sitwell blitt ein del av Furnia-systemet, som er eigd av Gunnar Sandnes og Bjørn Våtmyr, og omfattar mellom anna Sandvik Møbler. Det hadde betydd flytting til Hjellegjerdebygget i Sykkylven.
Men slik gikk det ikkje, mellom anna fordi arbeidarane ikkje ville bli med på lasset frå Stordal til Sykkylven.
No er Sitwell, med 13 tilsette, ein av fire møbelprodusentar att i Stordal, og ein av tre som framleis har eigen produksjon i bygda som lenge var ein god nummer to blant norske møbelkommunar.
Før Pedro Eiendom gjekk inn med to millionar kroner eigde Furnia-systemet direkte og indirekte rundt 40 prosent av aksjane.
Her er dagens eigarstruktur i Sitwell:
Arve Myrstad as 40,5 prosent.
Pedro Eiendom as 34,5 prosent
Geir Hoff 12,7 prosent
Kvande & Nordvik as 7,0 prosent
Claus Hoff 5,3 prosent
Eit viktig poeng er at det skal vere lett å sette seg ned, og lett å reise seg opp att frå ein Sitwell-stol eller -sofa.
Hoff, som sjølv har passert 50, vedgår at kundemassen har gått gjennom ei kraftig endring. Eldre folk er ikkje som før.
Fornøgde
Spørsmålet er korleis du skal få veteranane blant Rolling Stones-fansen til å bli fornøgd.Ei utfordring, vedgår Hoff.
Sitwell har gjort store endringar i korleis møblane ser ut.
- Eg kan ikkje sjølv tenkje meg dei møblane vi laga for ti år sidan, seier Hoff.
Tøft år
Men 2013 blei eit år der møbeldesign truleg kom litt ned på prioriteringlista.Sitwell braut ut av salsamarbeidet i salselskapet Furnia, droppa planane om å flytte produksjonen til Hjellegjerde-bygget i Sykkylven, gjennomførte ei kapitalutviding på to millionar kroner og fekk delvis nye eigarar.
No er målet å drive i balanse i 2014, og kome på pluss-sida igjen i 2015.
Redda selskapet i Stordal
Pedro Eiendom, som er eigd av Arild Peder Hove, Vigdis Susanne Hove Øie og Hilde B. Hove Danielsen, gjekk inn med to millionar kroner i ny eigenkapital i fjor.Utan den kapitalutvidinga tvilar Geir Hoff på at Sitwell kunne blitt verande i Stordal. Då hadde Sitwell blitt ein del av Furnia-systemet, som er eigd av Gunnar Sandnes og Bjørn Våtmyr, og omfattar mellom anna Sandvik Møbler. Det hadde betydd flytting til Hjellegjerdebygget i Sykkylven.
Men slik gikk det ikkje, mellom anna fordi arbeidarane ikkje ville bli med på lasset frå Stordal til Sykkylven.
Måtte ha med fagkunnskapen
Utan fagkunnskapen hos dei tilsette såg Hoff - som sjølv er medeigar - svart på å drive Sitwell vidare.No er Sitwell, med 13 tilsette, ein av fire møbelprodusentar att i Stordal, og ein av tre som framleis har eigen produksjon i bygda som lenge var ein god nummer to blant norske møbelkommunar.
Før Pedro Eiendom gjekk inn med to millionar kroner eigde Furnia-systemet direkte og indirekte rundt 40 prosent av aksjane.
Kjøpt ut
Kapitalutvidinga gjorde Furnia-systemet til ein mindre eigar, og i år er Furnia kjøpt heilt ut.Her er dagens eigarstruktur i Sitwell:
Arve Myrstad as 40,5 prosent.
Pedro Eiendom as 34,5 prosent
Geir Hoff 12,7 prosent
Kvande & Nordvik as 7,0 prosent
Claus Hoff 5,3 prosent
Eg kan ikkje sjølv tenkje meg dei møblane vi laga for ti år sidan
Publisert: 25.06.2014 10:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34