Toeffe vintrar for Sindre Mjelva
VINTERSATSING: Hotelldirektør Sindre Mjelva er midt i eit åtteårig samarbeidsprosjekt som skal trekkje fleire vinterturistar til Geiranger og rensten av Fjord-Noreg. 
Nytt

Tøffe vintrar for Sindre Mjelva

Satsinga på vintersesongen dreg ned resultatet for Sindre Mjelva i Union Hotel Geiranger.

22.08.2014
- Vi får blø litt til, seier hotelldirektør Sindre Mjelva etter at konserntala for SM Buick Holding viser eit underskot på 2,8 millionar kroner ifjor.
Mjelva er eineeigar i SM Buick Holding, som eig 92 prosent av aksjane i driftselskapet Hotel Union Geiranger og 90 prosent i eigedomsselskapet Hotel Union Eigedom.
Konserntala for SM Buick Holding viser dermed det samla resultat for sjølve drifta og for utleige av eigedomen til hotelldrift.
Den grunnleggande årsaka til svakare lønsemd siste åra er satsing på vinterturisme.

10-15 millionar

Mjelva reknar med at hotellet førebels har satsa mellom 10 og 15 millionar kroner på å trekkje til seg turistar om vinteren.
Frå og med 2008 har hotellet halde ope året rundt (med unntak av ved jul og nyttår).
Det betyr fleire folk tilsett og høgare kostnadar, kostnadar som hotellet førebels ikkje har greidd å tene inn igjen.
- Spesielt i fjor var det store kostnadar på vinteren, seier Mjelva.

Rekordsommar ikkje nok

Vintersatsing kjem til å slå ut i lønsemda også i år.
- 2014 blei ein rekordsommar, men vi ser også at vi dreg med oss mykje av vinterkostnadane gjennom året, seier Mjelva.

Trekte seg

Mjelva hadde mellom anna vona på drahjelp ei felles skandinavisk satsing mot Asia gjennom Scandinavian Tourist Bureau, der Innovasjon Noreg er inne frå norsk side.
Men den satsinga er trappa ned etter at resten av dei skandinaviske landa har redusert pengestraumen.

Gir ikkje opp

Mjelva vedgår at vintersatsinga har gått tyngre enn han hadde vona.
Men det er ikkje snakk om å gi opp. Hotellet er midt i eit åtteårig samarbeidsprosjekt for å auka vinterturismen, og målet er mellom anna at fleire turistar frå Asia om vinteren skal få besøkstala opp.
Hotellet var invitert med i samarbeidet, og Mjelva meiner det er avgjerande for selskapet å stå løpet ut, mellom anna på grunn av tilhøvet til store reiselivsoperatørar som satsar på å flyge turistar inn til Noreg.
- Det hjelpe å vere frå fjordane, der du har langsiktigheit og tolmod, seier Mjelva.

Kopiere nordlys-suksess

- Sjå på nordlys-turismen. Den har snudd opp ned på Tromsø. Frå å vere ein død by, har vintermånadane blitt den beste turistsesongen, sa Mjelva til NETT NO i vinter. (Sjå Relaterte saker)
I vinter hadde han besøk av dei første representantane frå asiatiske reisebyrå - først og fremst frå Kina og Japan - på visningsturar i Geiranger. Ideen er mellom anna at fjellgardane langs fjorden skal vere enda meir eksotiske med snø på.
Besøket kom i stand i samarbeid med Innovasjon Noreg og fleire reiselivsmål på Vestlandet.

Arbeid heile året

Mjelva reknar med at belegget for overnattingsbedriftene i Geiranger i vintermånadane i gjennomsnitt ligg rundt 15 prosent. Målet er å nå 30-40 prosent belegg. Det vil auke gjennomsnittsbelegget på årsbasis til 55-60 prosent.
Eit slikt belegg skaper ein heilt annan situasjon for overnattingsbedriftene i Geiranger. Tommelfingeregelen for å overleve som heilårsbedrift er eit belegg på rundt 50 prosent, i følgje Mjelva.
Vi får blø litt til

Publisert: 22.08.2014 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36