Det var to bodgjevarar på aksjane i Ørskog Energi AS. Avgjerda om å selje til Tafjord Kraft AS byggjer på ei samla vurdering av pris, eigarforhold og strategiske vurderingar knytt til utvikling i regionen. Fjord og Ålesund kommunar eig til saman meir enn 56 % av Tafjord Kraft AS., skriv dei to kommunane i ei felles pressemelding.
Ålesund kommune eig 80 prosent av aksjane i Ørskog Energi, Fjord kommune 20 prosent.
Ørskog Energi er først og fremst eigar av eit lokalt kraftnett, og det ville Tafjord-konsernet ha tak i.
-Gjennom oppkjøpet vårt av Ørskog Energi styrkar vi oss i regionen. Vi blir ein stor eigar i Nordvestnett AS som er viktig for kraftsystemet i delar av Ålesund og Fjord, og dessutan i kommunane Haram og Vestnes. Dette selskapet har allereie eit tett samarbeid med nettselskapet Linja, seier konsernsjef i Tafjord, Erik Espeset i pressemelding.
Ifølgje pressemeldinga var det samrøystes vedtak om å selje til til Tafjord Kraft.
Artikkelen blir oppdatert
Avisa Bygdebladet har tidlegare skrive at den har grunn til å tru er det Vestnes Energi som har lagt inn det høgaste bodet, men Tafjord Kraft kan likevel få tilslaget.
Les også
Publisert: 20.12.2024 13:04
Sist oppdatert: 20.12.2024 13:16