Hareid Group hovudkontor
OVER 780.000 Kroner: Kostnadane til advokatar i striden mellom Hareid Group den danske stål- og utstyrsgrossisten Lemvigh-Müller utgjorde til saman 782.241 kroner.
Nytt

Tapte mot dansk konsern

Hareid Group må ut med millionbeløp til dansk konsern etter krangel om 318 fakturaer.

16.10.2023

Hareid Group må betale 1,9 millionar danske kroner - om lag 2,9 millionar norske kroner - i erstatning og 300.000 kroner i sakskostnadar til motparten.

Striden gjeld eit krav som den danske stål- og utstyrsgrossisten Lemvigh-Müller hadde mot Hareid Group sitt danske datterselskap HG Electric. Utgangspunktet var 318 fakturaer som det danske selskapet hadde til gode.

Etter at HG Electric gjekk konkurs i desember i fjor retta Lemvig-Müller kravet mot Hareid Group i staden og argumenterte med at ein sjølvskuldnarkausjon gjorde at Hareid Elektriske - som er det juridiske namnet på Hareid Group - måtte betale.

Striden hamna i retten, og no har Møre og Romsdal Tingrett gikk det danske selskapet medhald.

I tillegg til erstatning og sakskostnadar med Hareid Group også betale to prosent forsinkelsesrente.

Kjennelsen kan ankast.

Lemvig-Müller ville ha dekt sakskostnadar på 522.287 kroner, men retten reduserte det til 300.000 kroner, som Hareid Group må betale. I tillegg har Hareid Group 259.954 kroner i eigne sakskostnadar.

Publisert: 16.10.2023 16:21

Sist oppdatert: 16.10.2023 16:57

Mer om