John Breivik Geir Østensen foto Ogne 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
FISKERI: John Breivik (t.v.) og Geir Østensen i Arena Norway står bak fiskerimessa Bluefish Expo i Ålesund, som i september blir arrangert for femte gang. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tapte på oppdrettssatsing

Arrangørane av fiskerimesser i Ålesund satsa på havbruk. Det gjekk ikkje.

05.05.2025

John Breivik og Geir Østensen er hovudaksjonærane i Arena Norway, som arrangerer fiskerimessa Bluefish Expo i Ålesund.

Bluefish Expo blir arrangert annakvart år, og motsett år som den internasjonale fiskerimessa Nor Fishing i Trondheim. Messa blei første gang arrangert i 2017.

I fjor ville dei prøve å få til ei tilsvarande messe retta mot oppdrettsnæringa, som skulle alternere med den internasjonale oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim, som også blir arrangert annakvart år. 

Avblåst
Planen var å arrangere ei oppdrettsmesse tidleg i fjor haust, men satsinga vart avblåst før sommaren.

Det er få aktørar på kjøparsida i oppdrettsnæringa og dermed ikkje nok interesse blant potensielle utstillarar til å delta på ei messe i Ålesund. Det vart konklusjonen etter at Arena Norway hadde arbeidd med få stand fjorårets oppdrettsmesse i Ålesund, ifølgje Breivik.

Kostnadar med planlegging av messa er hovudårsaka til underskotet for selskapet i fjor, ifølgje Breivik (sjå tabell under).

Fiskerimesse i september
Oppdrettsmessa Bluefish Expo blir arrangert i for femte gang, i Sparebanken Møre Arena 2-4. september i  år.

I tillegg til messa, der industribedrifter og tenesteleverandørar stiller ut, omfattar arrangementet også ein konferansedel.

Etter underskotet i fjor gjekk Arna Norway ut av året med ei negativ bokført eigenkapital på 117.884 kroner. Med inntekter frå den komande fiskerimessa til hausten er det retta opp i år, ifølgje Breivik.

Arena Norway As   
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt0,53,1
Driftsresultat-0,60,01
Resultat før skatt-0,60,01

Publisert: 05.05.2025 11:09

Sist oppdatert: 05.05.2025 11:09

Mer om