Tapte stort paa WWS investeringa
TAP: Sydvestor tapte stort på World Wide Supply i 2015, her to av skipa i opplag ved Herøyterminalen.
Nytt

Tapte stort på WWS-investeringa

Sydvestor gjorde det bra på formuesforvaltning, men eit stort tap på World Wide Supply gav eit stort tap på botnlina.

26.08.2016
Ulsteinvik-baserte Sydvestor er eit verdipapirfortak med konsesjon frå Kredittilsynet til å yte investeringstenester. Selskapet har spesiell fokus mot private formuande, privateigde investeringsselskap, offentleg kapital og det lokale næringslivet på Nordvestlandet.
2015-resultatet er prega av eit stort tap på aksjar selskapet hadde i offshoreselskapet World Wide Supply.

Les her:


Fisjon

Resultatet før skatt enda difor på minus 15,3 millionar kroner, mot pluss 1,3 millionar året før. Inntektene auka derimot, frå 14,5 til 18,2 millionar kroner.
Selskapet opplyser i årsmeldinga at ein har kome i brot med reglane for konsolidert kapitaldekning. Dette er løyst ved at det er beslutta å gjennomføre ein fisjon av morselskapet som inneber at selskapet ikkje vil inngå i konsernforhold.

- Tilfredsstillande

På den positive sida opplyser selskapet at ein innanfor aktiv kapitalforvaltning oppnådde eit tilfredsstillande resultat i fjor, sett i lys av svingningane i aksjemarknaden, og spesielt oljeprisfallet.
Sydvestor hadde ei samla gjeld ved årssskiftet på 24,4 millionar kroner.
Antal årsverk var åtte.

Tilsetteeigd

Selskapet er 70,9 prosent av Norvestor Aktiv, med dei Sydvestor-tilsette Frede Uldbæk, Sigvald Skeide, Steinar Sivertsen Kulen, Jostein Sætrenes og Ivar Kvangardsnes.
Øvrige aksjonærar er Hareid Elektriske med 6,1 prosent, samt representantar for Ulstein-familien gjennom Ulmar, Duk Invest, Borgstein Invest, Eimar Invest og Inger M. Kristensen.

Publisert: 26.08.2016 13:18

Sist oppdatert: 14.02.2022 11:49

Mer om