Pressetreff etter sentralstyremøtet i Senterpartiet Caption Oslo 20210916 SP leder Trygve Slagsvold Vedum under et pressetreff etter sentralstyremøtet i Senterpartiet Foto Heiko Junge NTB
KORTA TETT TIL BRYSTET: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum under eit pressetreff etter sentralstyremøtet i partiet. Foto: Heiko Junge / NTB
Nytt

Taus Vedum om SV i regjering

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier han har fått dei fullmaktene han treng for å jobbe vidare med valresultatet frå partiet. Han nektar å svare om SV.

16.09.2021

NPK-NTB: Vedum skildrar møtet i sentralstyret torsdag som godt. Han seier dei i hovudsak diskuterte valresultatet, som han meiner viser at Sps vekst er grunnlaget for at det blir regjeringsskifte.

– Ap og SV går samla sett tilbake. Senterpartiet har auka frå ti representantar i 2013 til 28 representantar i 2021, understreka han.

I spørsmålsrunden ville alle journalistane ha ei avklaring om partiet er villig til å inkludere SV i regjeringsforhandlingane med Ap.

Snakkar ikke om SV
Sp-leiaren lét fullstendig vere å nemne SV i svara sine.

– Vi har vore tydelege på at det beste er å skifte ut dagens regjering og stake ut ein ny politisk kurs, og at dette bør skje i ei regjering mellom Ap og Sp.

På spørsmål om han hadde fått løyve frå sentralstyret til å sondere med SV, svarte han:

Fullmaktene er klare
– Eg har fått dei fullmaktene eg treng for å få gjennomslag for politikken vår. Vi hadde samtalar med Ap-leiar Jonas Gahr Støre i går, og vi vil ha ein løpande dialog med Jonas òg i framover, seier Vedum.

Han seier partiet førebels berre har dialog med Støre og ikkje med Lysbakken.

– Vi får ta ting i tur og orden. Vi har heile tida sagt at vi ønskjer eit skifte. Så er det sjølvsagt saker i Stortinget der det er naturleg at SV vil støtte ting frå Sp og Ap. Men vi har vore tydelege på kva vi meiner er best. Dei beste løysingane kjem gjennom samtalane mellom Ap og Sp, seier Vedum.

Publisert: 16.09.2021 14:58

Sist oppdatert: 16.09.2021 15:06